Velkommen!

Skuleåret 2026/27 er opna!

Fredag 14.august 2026 blei flagget heist og skuleplassen pynta med vimplar. 206 fantastiske elevar blei ønska velkommen til eit nytt skuleår på YA. Hurra for skulestart!

velkommen på rød løpar!

I år har skulen 29 førsteklassingar, som kom spente og pynta til skule saman med foreldre.  Etter song av 2.trinn og ein kort tale av rektor, blei skulestartarane ropt fram ein og ein. Dei fekk gå på raud løpar og helse på rektor, før lærarane tok elevane med seg inn i klasseromma til livet sin første skuledag! 

Skulen har og ein god del nye elevar i både velkomstklassen og på dei fleste trinn. Lærarar og fagarbeidarar hadde pynta og gjort klart alle klasserom til eit nytt år- her skal det vere godt å være og lære!

Velkommen til skulen vår, både til nye og dei vi kjenner godt frå før. Vi ser fram til eit godt, kjekt og lærerikt skuleår saman på YA!

Her finn du skulen sin info-foldar for skuleåret: 

Kommunen har samla informasjon om å vere elev i Bergen. Det finn du her: Bergen kommune - Bergensskolen ønsker deg velkommen

Prøve og feile er å lære!
Gøy å lære!
7.trinn er eldst!
Alle rom har minst ein god lesekrok!
Dette rommet er bedre fordi du er her!
Alltid ein plan for dagen!
Farger og system gir energi og orden!
Vi leker oss gjennom alfabetet og blir gode skal bli gode å lese!