Velkommen til YA Open

Velkommen til YA Open 4.juni kl 17!

Ytre Arna skule ønsker alle velkomne til YA Open torsdag 4.juni kl 17. Vi feirar 70 års jubileum, og det blir feiring og masse aktivitetar både på plassen og inne på skulen!

4.april 1956 gjekk eit tog av elevar og lærarar frå gamleskulen i sentrum og opp på haugen til den nye, store skulen som sto klar! Dei som var elevar den gong, for 70 år sidan, er særleg invitert til skulen 4.juni. 

Vi feirar skulen vår og vi feirar fellesskapet vårt, og vil gjerne dele det med store og små i bygda. 

Det blir innmasj av alle trinn kl. 17, og tale og felles song på skuleplassen. Etterpå går kvart trinn med sine foreldre til klasseromma sine, mens andre gjester inviteres til kafe i gymsalen. I klasseromma er det utstillingar, filmar, aktivitetar og mykje forskjellig som elevane har laga klart. Etter ei lita økt med foreldre på kvart trinn, blir det opna for at alle kan gå over heile skulen. Det blir dessutan nye og gamle leiker ved Aktivitetsvennene i bingen, og i gymsalen er det is til alle born, kake og lappar. 

Velkommen til ein inkluderande feiring av 70-åringen Ytre Arna skule!