På venskapsdagen hadde heile skulen ein annleis skuledag, med oppløyst timeplan og kjekke aktivitetar.
På føremiddagen hadde vi stasjonar med kreative og aktive oppgåver. Blant anna blei det laga fellesprosjekter som skal pryde skulen- hjarte med fine ord på småtrinnet, og #værgrei-mobilar med fine meldingar på mellomtrinnet. I lunsjen fekk alle servert deilig frukt, tusen takk til Ytre Arna sanitetsforening! På slutten samla alle seg i gymsalen. 7.trinn sto på scenen, og gav oss gjennom sang, ord, dans og sjølvlaga film ei flott oppleving og eit viktig bodskap om å vere grei med kvarandre!
#værgrei - både på skulen, på fritida og på nett!