Kongens vegg

Ytre Arna skule minnast kong Harald V

Fredag 28.august blei ein spesiell skuledag på Ytre Arna skule. Vi markerte kongen sin bortgang med Timen Livet i alle klassar med gode samtalar, minnebord i vestibylen og flagg på halv stang.

I fyrste time fekk alle elevar og dei tilsette informasjonen om at kongen var gått bort på morgonkvisten. Vi hadde førebudd oss på å gje tid til gode samtalar og ei verdig markering av at Noreg har mista ein god monark og eit viktig samlande symbol. 

I alle klassar blei det gjennomført Timen Livet, der vi sit i ring og elevane får ordet etter tur. Her fekk vi gode samtalar om kongen og hans liv og rolle, og om liv og død og mykje imellom! Etterpå fekk elevane i oppgåve å teikne eller skrive til kongen. 

I vestibylen har vi laga eit minnebord, med kvit duk, lys, blomster og bilete. Her fekk elevane henge opp sine teikningar og minne-tekstar. Vi syns det blei ein fin vegg, som vil stå fram til begravelsen. Fellesskap og samhold er viktig på YA, og i storsamfunnet Noreg som vi er del av.