#værgrei

Venskapsdag 2026

På YA vil vi ha inkluderande fellesskap og gode venskap, der vi er grei mot kvarandre. Det har vore tverrfagleg tema på skulen i heile september, og 1.oktober feira vi med venskapsdag !

På venskapsdagen hadde heile skulen  ein annleis skuledag, med oppløyst timeplan og kjekke aktivitetar. 

På føremiddagen hadde vi stasjonar med kreative og aktive oppgåver. Blant anna blei det laga fellesprosjekter som skal pryde skulen- hjarte med fine ord på småtrinnet, og #værgrei-mobilar med fine meldingar på mellomtrinnet. I lunsjen fekk alle servert deilig frukt, tusen takk til Ytre Arna sanitetsforening! På slutten samla alle seg i gymsalen. 7.trinn sto på scenen, og gav oss gjennom sang, ord, dans og sjølvlaga film ei flott oppleving og eit viktig bodskap om å vere grei med kvarandre! 

#værgrei - både på skulen, på fritida og på nett! 

Venskapsbånd
Vi laga venskapsbånd til kvarandre
#værgrei
null
Fine ord
null
værgrei
null
YA sanitetsforening
Tusen takk til Ytre Arna Sanitetsforening for deilig frukt!