👉🏻 Både norsk og EUs regelverk byggjer på at badeplassen si badevasskvalitet må vurderast ut frå målt vasskvalitet over fleire år. Dette for å kunne gjere ei meir langsiktig kvalitetsvurdering. Basert på målingar gjort dei siste fire åra, er Garnes badeplass klassifisert som Utmerkt.
Les meir om Mye nedbør = dårlig vannkvalitet
Fasilitetar
Stor, barnevennleg sandstrand med eit stort grasareal på heile 29 dekar. Frå parkeringsplassen går det turstiar inn i området.
Badeplassen har bord og benkar, toalett, bosspann og offentleg ettersyn. Ho har òg ein gapahuk med grillmoglegheiter. Badeplassen blir overvaka frå mai til august/september for å sikre god badevasskvalitet.
Plassering og tilkomst
Garnes badeplass ligg mot Sørfjorden, vest for det tidlegare Bergens Guttehjem. Du kan ta tog til Arna og vidare med buss. Parkeringsplass til om lag 60 bilar.
Søk etter avgangar på Skyss sine nettsider eller hos VY.