Holmen i Arna
Holmen er ein populær badeplass i Arna
Bilde: Trude Haugen

Holmen

Vannkvalitet Dårlig
Bilde: Bergen Vann

👉🏻 Badevasskvaliteten på Holmen er stort sett god, men badeplassen er mellom anna ekstra utsett for å få dårleg vasskvalitet ved mykje nedbør. Bading blir frårådd eitt døgn etter store nedbørsmengder.

Både norsk og europeisk regelverk byggjer på at badeplassen si badevasskvalitet må vurderast ut frå målt vasskvalitet over fleire år. Etter fleire uheldige forureiningshendingar i 2022 og 2023 er derfor Holmen kategorisert rett innanfor kategorien dårleg.

Les mer om Mye nedbør = dårlig vannkvalitet

Fasilitetar

Ein romsleg og barnevennleg badeplass i Arnavågen, med totalt 8 dekar grasareal. Han har lange strandlinjer og stupebrett.

Badeplassen har bord og benkar, toalett, bosspann og offentleg ettersyn. Badeplassen blir overvaka frå mai til august/september for å sikre god badevasskvalitet.

Plassering og tilkomst

Holmen ligg på ei landfast holme på vestsida av Arnavågen. Du kan ta tog til Arna og buss derfrå, eller direkte buss frå Åsane terminal. Parkering mot avgift.

Søk etter avgangar på Skyss sine nettsider eller hos VY.