Mobbeombud

Mobbeombudet i Vestland - se informasjon her.

Mobbeombodet i Vestland er eit lågterskeltilbod for barn i barnehage, elevar i grunnskulen og deira føresette. Omboda skal utføre arbeidet sitt på eit fritt og sjølvstendig grunnlag. Mobbeombodet skal bidra til at barn og unge i Vestland fylke får ivaretatt rettane sine til eit godt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet arbeider også førebyggjande ved å delta på foreldremøte i skule og  barnehage, eller ved å gi råd og støtte tilsette i arbeidet for eit trygt barnehage -og skulemiljø. 

Aina Drage og Hildegunn Hodneland er mobbeombod for barnehagebarn og elevar i grunnskulen. Mobbeomboda jobbar for at barn og elevar skal ha det trygt og godt. Dei kjenner rettane til barn og unge, og kan fortelje korleis du går fram om eit barn ikkje har det bra. Alle kan ta kontakt med mobbeomboda. Dei har teieplikt, og kjem ikkje til å seie noko vidare utan at du ynskjer det.

Du kan lese meir om ombodet på https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/hjelp-i-skulekvardagen/mobbeombodet/