Mattemaraton 2023

Da er årets Mattemaraton ferdig.

Da er årets Mattemaraton ferdig. Skulen hadde som mål å rekne 100 000 oppgåver som ville gitt eit snitt på 990 oppgåver pr. elev. Ved utgangen av mai hadde elevane på Salhus skule rekna 122 491 oppgåver, eit snitt på 1212 oppgåver på kvar elev! Mattemaraton har også fokus på aktivitet, elevane våre har logga 7167 km kor dei har gått/sykla/løpt osv. Eit maraton i Mattemaraton er 42 km aktivitet og 200 oppgåver rekna. På landsbasis kom Salhus skule på 3. plass når ein ser på antal maraton i gjennomsnitt på skulen. På skulen var det ikkje overraskande 7. trinn som gjekk av med sigeren, og dei kan glede seg til pizza til lunsj ein dag før sommarferien.