Svømming er ei flott aktivitet for barn i vekst. I vatnet får barna brukt heile kroppen på ein skånsam og allsidig måte, samtidig som dei utviklar styrke, koordinasjon, uthald og gode ferdigheiter som dei har nytte av vidare i livet. Jamn aktivitet over tid gir både meistringskjensle, rørsleglede og auka tryggleik i vatn.
Hos oss handlar det ikkje berre om trening, men òg om trivsel, fellesskap og gode opplevingar saman med andre.
Vi ønskjer at alle barn og unge som har lyst til å vere med, skal få moglegheita. Økonomi skal ikkje vere ei hindring for deltaking. Arna SLK har eit inkluderingsfond som kan bidra med støtte til mellom anna medlemskontingent, treningsavgift, utstyr, reiseutgifter, leirar, samlingar, stemne og sosiale aktivitetar i klubben. Alle førespurnader blir behandla konfidensielt.
Les meir om tilbodet på www.arnaslk.no eller ta kontakt med nikodem@arnaslk.no.
Med beste helsing
Alle oss i Arna SLK