Mobbeombodet i Vestland

Informasjon om mobbeombodet: Mari-Kristine Morberg og Aina Drage er mobbeombod for barn og unge i Vestland.

Vi jobbar for at barn skal ha det trygt og godt i barnehagen og på skulen. Alle kan ta kontakt med mobbeombodet. Vi kjenner barn og unge sine rettar og kan fortelje korleis du kan gå fram om ein elev ikkje har det bra på skulen. Vi har teieplikt, det tyder at vi ikkje seier noko vidare utan at du vil det.

Mobbeombodet er først og fremst tilgjengeleg for barn, unge og føresette. Tilsette i skulen, skulehelsetenesta og andre som arbeider med barn og unge er òg velkomne til å drøfte saker (anonymt) med mobbeombodet.

Du finn meir informasjon på www.vlfk.no/mobbeombodet

Kontakt
Du når mobbeombodet på telefon og e-post. Gjeld det enkeltsaker vil vi helst snakke med deg, då unngår vi sensitiv informasjon på e-post.

Telefon: 57 300 333

E-post: mobbeombod@vlfk.no

 

Facebook: www.facebook.com/mobbeombod

Instagram: www.instagram.com/ombodvestland

Info: www.vlfk.no/mobbeombodet