2. og 3. trinn har jobba litt ute i godvèret. Alle fekk vere med å ta opp potetene og samtlege var overraska over kor mange poteter dei fann under kvart potetris. Av 11 settepoteter fekk vi 265 stk! (ALLE storleikar blei telde..!) Etter ein del teljing fann dei ut at dei kunne lage tiargrupper, så blei det litt lettare å få rett tal. Etterpå fekk nokre vege, andre vaske og kutte, før vi krydra og steikte potetbåtar.
Poteter frå skulehagen
Bilde: Ingelin
Poteter frå skulehagen
Bilde: Ingelin