Alle små og store samla!
Timen Livet hjertet
Bilde: Gro Hopland

Feiring av Timen Livet!

I Februar har vi hatt Timen Livet i 1/2 år! Det måtte feirast! Vi samla små og store til ei felles feiring med ulike postar, vaffebod, bobledisco og samarbeidskunst!

 

Vi laga eit samarbeids kunstverk store og små!
Kunstere i arbeid!
Bilde: Nina Frøkedal

Timen Livet er barn og unge sitt eige forslag til livsmestring inn i skulen og er utarbeida av elevar i samarbeid med Forandringsfabrikken. 

Elevrådet har vært med og planlagt dagen i forkant og bidrog til at dagen blei ei kjekk happening for store og små på Salhus Skule! Super innsats! For eit elevråd vi har! Vi lot oss ikkje stoppa av litt snø må du tru! Dei eldste elevane tok godt vare på dei minste og sammen kosa vi oss med vafler, bobledisco, hinderløype og mykje anna kjekt! Vi ser fram til neste feiring til sommaren ! 

Store og små samla rundt ein snøfallskjerm!
Stor og Liten i lag!
Bilde: Tone Clausen Rolland