Elevar ser på biletet
Elevar ser på biletet

Felles perlebilete - samhald på Garnes skule

Elevrådet har dette året hatt ansvaret for eit fellesprosjekt. Prosjektet skulle vise fram samhaldet på skulen.

Alle elevane på skulen fekk høve til å perle sitt perlebrett til biletet før jul. Elevane på 7. trinn har rekna ut kor stort glas vi måtte kjøpe. Elevrådet har tenkt igjennom kor biletet skal henge for at flest mogleg elevar skal få sjå det, og for at det skal henge trygt. Så no kan de sjå resultatet i amfiet mellom nedeplassen og oppeplassen. Ein flott måte å visualisere samhaldet mellom elevane!