Gå tilbake til:
Du er her:

Støtta vår til Adinastiftelsen

Garnes skule har i mange år hatt innsamlingsaksjon til inntekt for Adinastiftelsen.

Adinastiftelsen er ein humanitær organisasjon som blei etablert i Bergen i 2001. Mottoet er «Fra fattigdom til fremtidshåp». Som det står på heimesida deira, er målet å gjere vanskelegstilte born mest mogleg sjølvstendige gjennom skulegang, direkte økonomisk støtte, arbeidstrening og rehabilitering.

Det meste av pengane dei får, kjem frå skular, barnehagar, firma og private givarar.

Adinastiftelsen arbeider i Romania og Uganda, men pengestøtta vår går til prosjektet deira i Romania. Ein av grunnane til at vi valde Adinastiftelsen, er at dei har svært lave driftskostnader, slik at vi er trygge på at pengane våre blir brukt til det dei skal.

For vår del har det òg vore eit argument at vi er med på å hjelpe born og unge på same alder som våre elevar, born som lever under heilt andre tilhøve enn det vi gjer.

For at elevane våre skal kjenne seg nær prosjektet, får vi kvart år besøk av Hilde Sandnes, som er dagleg leiar i Bergen. Ho fortel om prosjektet, viser bilete og presenterer ein del av borna som får hjelp gjennom utdanningsprogramma dei driv.

Pengane «våre» går til å drive fleire dagsenter som tilbyr aktivitetar for borna nokre dagar i veka. Her kan borna få hjelp til å gjere lekser, dei kan få ta del i kreative aktivitetar, idrett eller dans.

Hovudmålet er å få borna til å fullføre skulegangen. Difor  blir borna og familien følgd tett opp av dei som jobbar innan organisasjonen.

Årleg har vi ein aksjonsdag på skulen. Då blir det open dag med sal av elevprodukt, kaffi og kaker. Det blir òg lynlotteri, fiskedam og trekking av loddbøker.  Folk i bygda har vore fantastisk flinke til å stille opp på aksjonsdagen, og til å kome med gevinstar av mange slag i forkant. Det er vi svært glade for.

http://adina.no kan de lese meir om Adinastiftelsen.

Eksempler på ting elevane har laga
Eksempler på ting elevane har laga
null
Stor pågang på lynlotteriet
Stor pågang på lynlotteriet
null
Mange vil kjøpe lodd på bok
Mange vil kjøpe lodd på bok
null
Mykje godt å velge blant
Mykje godt å velge blant
null