Gå tilbake til:
Du er her:

Innskriving 1.trinn 2022/2023

Vi gler oss allereie til å ta imot skulestartarane til hausten og er sikker på at det er mange spente både barn og vaksne som ser fram til skulestart!

I år er prosessen rundt innskriving litt annleis enn tidlegare år. I desse dagar mottek føresette eit brev med informasjon om blant anna oppstart, målform, SFO-plass og førskuledag. 

Vi ber føresette gå inn på  Bergen kommune - Skolestart for å finne innskrivingsskjema som må fyllast ut før skulestart.

Vi gler oss til å bli kjent med skulestartarane våre!