Gå tilbake til:
Du er her:

Raudt nivå på Garnes skule i veke 6

Elevar møter som vanleg på Garnes skule kvar dag og til vanleg skuletid i veke 6 på raudt nivå

Det viktigaste først: Barn med sjølv lette nyopståtte symptom på luftvegsplagar, skal haldas heime.

Så litt informasjon om veke 6 på Garnes skule:

Elevane er delt i mindre kohortar i faste rom og med faste vaksne. Born som går på SFO blir i kohortane og i SFO-tida. I friminutta, er det to kohortar som samarbeider ute. Det blir oppstilling ute kvar morgon. Ingen elevar møter kvarandre i garderoben (så ha godt med yttertøy, det kan bli litt ventetid utanfor). Kom presis til oppmøte om morgonen, ikkje kom mykje for tidleg. Skuledagane får innhald etter organiseringa. Det går ein del tid til handvask. Det blir meir uteskule. På 5.-7. trinn gjeld einmetersregelen og i kohorten og ute. Den gjeld og på fritida. Elevar som treng skuleskyss, må sjekke opp i reglane for skyss, som ligg på heimesida.

Det kjem ein e-post frå kontaktlærarar med oppstilling for i morgon tidleg. Det kan være noko fleksibilitet i oppstartstidspunktet pga garderobar.

Vi er klare for nok ei annleis, god og aktiv veke på Garnes skule. Ta gjerne kontakt om de har spørsmål.

Smittevernrettleiinga for skule, finn de her: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/skoletrinn-1-7/smitteforebyggende-tiltak/