Du kan kontakt mobbeombodet i Vestland direkte.

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø.

Mobbeombodet i Vestland er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. 

Mobbeombodet rettleier i saker som handlar om psykososialt miljø, om barnet sine rettar og korleis du kan gå fram om eit barn ikkje har det bra. Mobbeombodet har teieplikt. 

 

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet; på telefon 05557 eller på e-post mobbeombod@vlfk.no , og lese mer på nettsiden
 

Du kan følgje ombodet på Facebook (www.facebook.com/mobbeombod) eller på Instagram (https://www.instagram.com/ombodvestland/).