For å førebu oss på å ta imot barnet ditt, treng vi følgjande informasjon frå deg:
• Godkjenning til at vi kan kontakte barnets barnehage, PPT og helsestasjon for overføring av nødvendig informasjon.
• Informasjon om kva som er barnets morsmål, dersom det er noko anna enn norsk.
• Medisinske opplysningar som du meiner vi på skulen treng å vite (dette kan òg vere ulike matallergiar/intoleransar).
Det er viktig at opplysningane du sender blir behandla trygt og sikkert. Vi ønskjer ikkje at du sender oss desse opplysningane på e‑post. Difor ber vi deg om å bruke eit digitalt innskrivingsskjema. Henvendinga blir lagt direkte i vårt arkivsystem, og personvernet til deg og barnet ditt vil bli ivareteke. Denne lenkja sender deg direkte til skjemaet.
Skjemaet finn du òg ved å gå inn på artikkelen Skulestart på kommunen sine nettsider.
Dersom du, eller barnet ditt, ikkje har norsk fødselsnummer (11 siffer), vil ikkje skjemaet fungere. Du må då ta kontakt med skulen på telefon, eller ved oppmøte.
Målform
Etter opplæringslova § 3‑1 kan foreldre sjølve bestemme kva målform barna skal ha i den skriftlege opplæringa. Informer oss dersom du ønskjer at opplæringa skal skje i ein annan målform enn skulen sitt hovudmål.
Les meir på: www.bergen.kommune.no
Søk: "Målform i grunnskolen"
SFO
Innsøking til SFO skjer frå onsdag 15. april. Alle som søkjer får plass. Informasjon om søknad, plasstypar og prisar finn du på Innbyggjarhjelpa.
Redusert betaling for SFO‑plass
Dersom husstanden tener mindre enn 350 000 kroner, vil barn i 1. klasse få gratis SFO. Når du har motteke skattemeldinga for 2025, kan du søkje om redusert betaling som skal gjelde frå hausten. For å kunne søkje om redusert betaling, må du ha søkt og takka ja til tilbod om SFO‑plass.
Hugs at du må sende inn ein ny søknad om redusert foreldrebetaling for kvart skuleår. Informasjon om korleis du søkjer, finn du på Innbyggjarhjelpa.
Vigilo
Skulen og SFO bruker Vigilo til digital kommunikasjon og informasjon gjennom Vigilo foreldreportal og Vigilo‑app. Vi oppmodar alle foreldre til å laste ned Vigilo‑appen. Dette er vår kanal for digital kommunikasjon mellom heim og skule, og ved å bruke appen sikrar du at du alltid får med deg viktig informasjon om barnet ditt.
Velkommen til Salhus skule
Det å begynne på skulen er ein ny og spanande fase i barnet sitt liv, og vi gler oss til å bli betre kjent med dykk. Salhus skule ønskjer å leggje forholda godt til rette for både store og små, og vi ønskjer at overgangen til skulen skal bli så god som mogleg. Det er framleis lenge til hausten og skulestart, men det er nokre spanande ting som skal skje allereie før sommarferien.
Skulen besøker barnehagen
I løpet av april/mai 2026 får barnehagen der din skulestartar går tilbod om besøk frå skulen. Vi har med Luna skulehund (bamse) og eleven får ei velkommen mappe frå Salhus skule med informasjon om skulen og SFO.
Førskuledag
Torsdag 4. juni inviterer vi til førskoledag frå kl. 09.00–11.00 her på skulen. Denne dagen vil borna få møte alle medelevane sine, nokre av lærarane, avdelingsleiarane på skule og SFO, og rektor.
Mens elevane er saman med lærarane, samlar rektor og avdelingsleiarane dei føresette til eit informasjonsmøte.
SFO
SFO på Salhus har fokus på vennskap, leik og læring. Vi tilbyr varierte aktivitetar både inne og ute, og er opptekne av at barna skal vere medverkande og aktive. SFO er open frå 07.30 til 16.30 alle kvardagar og i skuleferiane. SFO er stengd heile juli månad. Onsdag 10. juni frå klokka 17.00-19.00 vert det «bli kjent kveld» på SFO kor elevar og føresette kan komma og leika og helsa på dei vaksne på SFO.