Gå tilbake til:
Du er her:

Bergen kan bli eit berekraftig reisemål

Visit Bergen har utarbeidd ein strategi og handlingsplan for å gjere Bergen til eit berekraftig reisemål. Bystyret sluttar seg til dette arbeidet.

Bakgrunnen for saka er at Visit Bergen ønskjer å søkje Innovasjon Norge om å få Bergen godkjent som eit "berekraftig reisemål". Dette er ei merkevareordning som kan brukast i det langsiktige arbeidet for sikre auka berekraft i reiselivet.

For å kunne få ei slik godkjenning må det utarbeidast både ein destinasjonsstrategi og ein handlingsplan som byggjer på standarden til Innovasjon Norge og berekraftsprinsippa til FNs reiselivsorganisasjon.

Visjonen som skal liggje bak utviklinga av reiselivet i Bergen skal vere attraktivitet gjennom berekraft. Bergen skal vere eit attraktivt reisemål for næringa, dei som kjem på besøk, jobbmarknaden, innbyggjarar og samfunnet elles.

Prinsippa for å utvikle reiselivet i Bergen fram mot 2030 er desse:

  • Ingen overturisme
  • Klimanøytral næring
  • Lange opphald
  • Heilårsarbeidsplassar og heilårsdrift
  • Oppretthalde naturmangfald
  • Oppretthalde kulturmangfald
  • Styrka kunnskapsutvikling og tilgang på kompetanse
  • Verdiskapingsvekst
  • Styrka lønsemd og soliditet
  • Bidra til berekrafta i andre sektorar

Sjå meir i saka frå byrådet

Bystyret vedtok utvalet si innstilling.

Les dokumenta i saka

Les sakene fra bystyret 20. mai