Barnehage med historisk og herskapleg sus bilde
BARNEHAGE MED SJEL: Leaparken barnehage er ein barnehage utanom det vanlege. Nytt og moderne kombinert med gamalt og ærverdig skapar ei særeiga stemning. Styrar Mette Sæle Westrheim, planleggar Mette Karlsen i Byrådsavdeling for barnehage, skole og idrett og prosjektleiar Tor Milde i Etat for utbygging gler seg over resultatet.
Bilde: Kristin Bergitte Hauge

Barnehage med historisk og herskapleg sus

Når barna går inn dørene til nyopna Leaparken barnehage, får dei spennande historie og herskapleg atmosfære med på kjøpet.

Det ser ut som eit lite eventyrslott, det gamle herskapshuset som ligg på høgdedraget mellom Fjøsangerveien og Inndalsveien. Slitasje og dårleg stell fekk lenge sette sitt preg på den meir enn hundre år gamle trebygningen. Men no er bygget restaurert tilbake til gamle høgder, og i tillegg tilpassa moderne bruk som barnehage.

Nytt på gamal leist

Tor Milde i Etat for utbygging har vore prosjektleiar for istandsettinga. Han fortel om mange utfordringar undervegs i den om lag to år lange byggeprosessen.

– Det har ikkje vore enkelt. Hovudbygningen hadde rote, setningsskadar, lekkasjar og brannskadar. Vi har bygd heilt nytt på ein gamal leist. Heile taket og alt det utvendige er bytt ut. Vi har støypt nye golv. Samstundes ville vi behalde mest mogleg av det gamle. Autentiske detaljar både inne og ute er tekne vare på. No ser huset ut som det gjorde då det var nytt, fortel Milde.

Når eit bygg skal nyttast som barnehage, må ei rekke tekniske krav vere på plass. Den største utfordringa har vore å plassere dei tekniske installasjonane.

– Eg er spesielt nøgd med at vi har fått gøymt det tekniske i kjellaren og i eitt av romma på loftet, seier Milde, som roser innsatsen til entreprenøren.

– Vi har hatt fantastisk flinke handverkarar i sving. Dei har fått nytta både hender og hovud.

Frå glamour til skule

Huset si historie er rik og spennande. Det heile starta i 1899, då vart Villa Solhaug bygd for fabrikkeigar Gerdt Meyer Bruun og familien hans. I 1915 selde Bruun eigedomen vidare til skipsreiar Erik Grant Lea, som flytta inn saman med kona si, Hilda. Ho var ei britisk sosietetskvinne, halvt indisk, noko som gjorde at ho på folkemunne vart snakka om som "den indiske prinsessa". No fekk Villa Solhaug namnet Lea Hall. I 1916 vart hagen rundt huset utvida til park, Leaparken.

Erik Grant Lea sitt forretningsimperium var på topp på denne tida. Han eigde ti reiarlag, ein bank og tre forsikringsselskap. Livet i Lea Hall var prega av luksus. Eigedommen hadde både gartnar og fleire tenestejenter. Men lykka snudde, og etter nokre år gjekk Lea konkurs. Saman med Hilda flytta han til eit langt enklare liv i Sogn.

I 1922 tok Bergen kommune over Lea Hall og Leaparken. Under kommunalt eigarskap vart det brått slutt på glamour, og Lea Hall vart til Solhaug skole. Frå 1922 til 1939 var bygningen skule for 1. til 4. klasse. I heile perioden frå 1939 til 1999 var Solhaug spesialskule for barn med ulike lære- og åtferdsvanskar. Mellom 1999 og 2016 vart bygget leigd ut til privatskulen Da Vinci Montesorriskolen.

Høg antikvarisk verdi

– Bergen kommune har lenge vore på jakt etter bygg og tomter for nye barnehagar i Årstad. Eigedommen ligg fint til i ein park, og sentralt i ein bydel der vi treng fleire barnehageplassar, seier Mette Karlsen, planleggar i Byrådsavdeling for barnehage, skole og idrett.

Ho fortel at det likevel har vore ein lang prosess før den tidlegare skulen kunne bli barnehage. Nokre av årsakene til at saka løyste seg, var at krava til uteareal og parkering har endra seg. Det at bygget har ein høg antikvarisk verdi, har óg vore ei utfordring.

– For å få til ei effektiv og moderne barnehageverksemd trong vi meir plass. Vi fekk bygge på 65 kvadratmeter til garderobe. Nybygget har fått ein annan stil enn hovudbygget, så her skal Byantikvaren ha ros for å ha vore pragmatisk og løysingsorientert, seier Karlsen.

Historie, leik og læring

Mette Sæle Westrheim er styrar for den nye barnehagen. Ho gler seg til å ta huset i bruk, og er opptatt av å nytte historia på ulikt vis i barnehagekvardagen.

– Det er fantastisk at kommunen vel å gje små barn omgivnader som dette. Det ligg mykje kreativt potensial i huset. Samstundes har personalet alt å seie. Det viktigaste vi gjer, handlar om relasjonsarbeid og tryggleik, seier Westrheim. Ho har nyleg tilsett 17 personar i barnehagen. Den eldste er 60, den yngste 19 år. 40 prosent er menn, og dei tilsette har ulik etnisk bakgrunn.

No startar eiT nytt kapittel i historia til herskapshuset i Leaparken, når 76 aktive barn får boltre seg i dei ærverdige romma. Og slikt kan det bli både eventyr og gode historier av.
 

Denne saken stod også på trykk i Bergenseren 3- 2018. 
 

FAKTA/ Leaparken barnehage
 

  • Opna i slutten av august 2018
  • Har plass til 76 born frå eitt til seks år.
  • Barnehagen får tre avdelingar, såkalla heimeområder
  • Bruttoareal: 760 m²
  • Prosjektkostnader: cirka 85 millionar kroner
  •  Arkitekt: Asplan Viak
  •  Entreprenør: Åsane Byggmesterforretning AS