Garnes skule skal vere «ein triveleg kunnskapsskule». Garnesmodellen er vårt felles verktøy for å sikre at alle barna får den støtta og dei utfordringane dei treng – frå første skuledag på 1. trinn til dei går ut av 7. klasse.
Fem pedagogiske tannhjul
Kjernen i modellen handlar om den heilskaplege læringa til eleven, som vert støtta opp av fem samankopla område:
Lesing og skriving: Vi byggjer skriveglede og god leseflyt gjennom daglege rutinar som lesekvart og eigne leseløft.
Rekning: Vi vektlegg praktisk problemløysing, god omgrepsforståing og den gode matematiske samtalen.
Digital kompetanse: Vi lærer barna å bruke digitale verktøy på ein trygg og formålstenleg måte, med fokus på nettvett og digital dømekraft.
Eit trygt læringsmiljø: Barna møter varme og trygge vaksne som bygger gode relasjonar. Vi jobbar aktivt med å styrkje fellesskapet mellom barna, der dei lærer å hevde seg sjølve, setje grenser og bli robuste i møte med kvardagen.
Varierte læringsformer: Vi er bevisste på kva for læringsformar som fremjar læring og utvikling, og varierer mellom til dømes stasjonsundervisning, arbeidsplan, uteskule, praktiske oppgåver og leik
For å sikre at tiltaka utgjer ein forskjell for elevane våre, følgjer skulen eit fast pedagogisk årshjul og ein kvalitetssyklus. Vi kartlegg og observerar jamleg og gjennomfører elevsamtalar og trivselsundersøkingar for å fange opp behov og setje inn tiltak tidleg. Leiinga og lærarane har faste oppfølgingsmøte gjennom året for å evaluere og justere tiltaka.
Har du spørsmål om Garnesmodellen? Ta gjerne kontakt med rektor.