Innskriving 1.trinn 2024/2025

Her kan du som forelder til skulestartar hausten 2024 finne viktig informasjon.

For å førebu oss på å ta imot ditt barn treng vi noko informasjon frå deg.
· Godkjenning på om vi kan kontakte barnet sin barnehage, PPT og helsestasjon for overføring av nødvendig informasjon.
· Informasjon om barnet sitt morsmål er noko anna enn norsk. Informer då om kva språk som er barnet sitt førstespråk.
· Medisinske opplysningar som du meiner vi på skulen treng å vite.
 

Det er viktig at opplysningane du sender blir behandla trygt og sikkert. Derfor ber vi deg nytte innskrivingsskjemaet som du finn her: Bergen kommune - Skolestart. Då vil skjemaet bli lagt direkte i vårt arkivsystem, og ditt og barnet sitt personvern blir ivareteke. Vi vil ikkje at du sender oss desse opplysningane på epost.
Viss du eller ditt barn ikkje har norsk personnummer (11 siffer), vil ikkje skjemaet virke. Då må du ta kontakt med oss på telefon eller komme på skulen og snakke med oss.


Målform
Opplæringslova (§2-5) gir foreldre rett til å velje kva målform den skriftlege
opplæringa skal vere på. Informer oss om du ønskjer at opplæringa skal skje på ei anna målform enn skulen sitt hovudmål. Garnes skule har nynorsk som hovudmål. Les meir her Bergen kommune - Målform i grunnskolen.


SFO-plass
Frå 15.april 2024 er det mogeleg å søkje SFO-plass hos oss. Alle som søkjer får plass. I Bergen kommune er det vedteke 12 timar gratis SFO for elever på 1.trinn. Lenke til søknadsskjema og meir informasjon om dei ulike plasstypane og prisar finn du her Bergen kommune - Skolefritidsordning - SFO.


Redusert betaling for SFO-plass
Veit du at om husstanden tener mindre enn 570 900 kroer kan du søkje om redusert betaling for SFO? Dersom inntekta er 350 000 kroner eller lavare, vil barn på 1.trinn på SFO får gratis heil plass. Når du har motteke skattemeldinga for 2023 kan du søkje om redusert betaling som skal gjelde frå hausten av. For å kunne søkje om redusert betaling å du ha søkt og takka ja til tilbod om SFO-plass. Hugs at du må sende inn ny søknad om redusert foreldrebetaling for kvart skuleår. Informasjon om korleis du søkjer finn du her https://www.bergen.kommune.no/innbyggerhjelpen/barnehage-og-skole/grunnskole/skolefritidsordning/skolefritidsordning-sfo#6


Informasjon frå skulen
Vi gler oss til å bli kjent med dykk! Garnes skule ønskjer at både våre nye
førsteklassingar og føresette skal få ein trygg og god skulestart. Her er noko
informasjon om kva de kan vente fram mot skulestart:
 

Samarbeid med barnehagane er i gong i desse dagar. Vi har invitert barnehagane på møte for å gje informasjon til kvarandre om kvardagane våre. I løpet av våren kjem ein tilsett frå skulen og SFO på besøk til dei barnehagane i Arna som har fleire barn som skal byrje på Garnes skule. Barnehagane får også invitasjon til å besøke skulen, når det passar for dei.
 

Torsdag 6.juni har vi planar om å gjennomføre besøk på skulen på
ettermiddag/kveld. Det kjem invitasjon ca. to veker før besøksdagen.
 

Bergen kommune nyttar Vigilo som kommuniksjonskanal. Via Vigilo kan ein sende meldingar i staden for å bruke meldebok. Skulen legg også ut diverse nyhende og informasjon frå kommunen i Vigilo. Last gjerne ned appen no, slik at den er klar til bruk til skulestart.
 

Ønskjer de meir informasjon, er usikre eller lurer på noko, sjå skulen si heimeside eller ta kontakt med skulen på e-post: garnes.barneskule@bergen.kommune.no.