Ordet fangar - språkpolitisk plan for Bergen kommune

Den språkpolitiske planen er Bergen kommune sitt verktøy for å styrka og bruka språket. Planen svarar også ut krava frå språklova, mellom anna kravet om å kommunisera med klart språk.

Planen tar opp i seg målet frå tidlegare planar om å fremja nynorsk. Planen inneheld ei skildring av kva som er situasjonen i dag og synleggjer kor me ønskjer å vera. 

Språklova som trådde i kraft i januar 2022 krev at «offentlege organ skal kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa». Språkpolitisk plan viser korleis Bergen kommune skal følgja opp dette lovkravet. Planen drøftar i tillegg det ansvaret ulike delar av kommunen har for språk, inkludert teiknspråk. 

Planen drøftar òg kva som kan bli gjort for å hindra og dempa at norsk tapar terreng til andre språk, som til dømes engelsk. Språkplanen sett fingeren på den særeigne bergensdialekta, og korleis den skal fremjast av kommunen.  

Bergen er ein fleirkulturell by. Det er naturleg i ein plan om språk å drøfta i kva tilfelle det er riktig at kommunen kommuniserer på andre språk enn norsk. Typiske døme er kritisk informasjon som alle innbyggjarar må ha.

 Planen har desse måla: 

  • Bergen kommune brukar, utviklar og styrkjer norsk språk. 
  • Det skal vera enkelt å vera nynorskbrukar i Bergen. 
  • Det skal vera enkelt å velja nynorsk i Bergen. 
  • Bokmål og nynorsk skal vera synlege frå Bergen kommune. 
  • Bruk av teknologi og digitale løysingar skal støtta opp om språkpolitiske mål. 
  • Bergensarane skal forstå informasjon og brev frå Bergen kommune. 
  • Bergensdialektane skal vera synleg frå Bergen kommune. 
  • Alle som oppheld seg i Bergen skal få nødvendig, kommunal informasjon på eit lett tilgjengeleg språk i samband med hendingar som gjeld helse, miljø og tryggleik.
  • Språklege minoritetar skal kjenna seg heime i Bergen

Les planen