Gå tilbake til:
Du er her:
Helsefremmande barnehagar bilde
Illustrasjon: Netlife

Sammen for de minste

Bergen kommune startar opp eit nytt utviklingsprosjekt for å fremje psykisk helse i barnehagen. Prosjektet blir ein del av det nasjonale folkehelseprogrammet og startar opp i 2021.

Program for folkehelsearbeid i kommunane er ei nasjonal satsing for å styrke kommunane sitt arbeid med å fremje befolkninga si helse og livskvalitet. Satsinga skal styrke det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet i kommunane. Som ein del av programmet skal Bergen kommune no i gang med å planlegge eit prosjekt for å fremje psykisk helse i barnehagen.

«En god og trygg oppvekst» er eit av fem satsingsområde i Bergen kommune sin folkehelseplan.

FOLKEHELSEPLAN FOR BERGEN KOMMUNE 2015-2025 Aktiv by - friske bergensere

Bergen kommune sitt mål med prosjektet er å understøtte kommunen sitt arbeid med helsefremming og meistring blant barn og unge og styrke det tverrfaglege folkehelsearbeidet i kommunen. I barnehagen skal alle barn ha like mogelegheiter. Ein god barnehage med inkluderande fellesskap er blant dei viktigaste middel vi i dag har for å utjamne sosiale forskjellar og fjerne fattigdom på sikt.

Psykisk helse og livsmeistring har den siste tida fått ein større rolle innan barnehagar og skule. I rammeplan for barnehagar (2017) blir livsmeistring og helse framheva som viktige prinsipp. Der vert det slått fast at barnehagen skal ha ein helsefremmande og førebyggande funksjon og bidra til å utjamne sosiale ulikheiter. Barnehagen skal fremja barn sin fysiske og psykiske helse. Det vert gjort mykje godt arbeid for å fremje det psykososiale miljøet i barnehagane, men vi ønskjer å få eit tettare samarbeid med felles kunnskapsgrunnlag mellom helsesektoren og barnehagane i det førebyggande og helsefremmande arbeidet.

Gjennom dette prosjektet ønskjer Bergen kommune å få kunnskap om korleis vi konkret kan samarbeide på tvers og styrke grad av medverknad for å fremje psykisk helse og utjamne helseforskjeller blant barn og unge.

Vi ønsker å bygge ei felles forståing og eit felles kunnskapsgrunnlag mellom helse- og opplæringssektoren innan barn og unge si psykiske helse. Eit viktig mål med prosjektet vil vere eit tettare tverrfagleg samarbeid i det helsefremmande arbeidet for barn og unge i Bergen.

Prosjektet «Sammen for de minste» er no i planleggingsfasen og vil vere klart for oppstart hausten 2021.

Samarbeidspartnare i prosjektet er BARNkunne - Senter for barnehageforskning ved Hvl og Folkehelseinstituttet.

 

Videre på internett

 

 

Kontaktinformasjon

Randi Træland Hella
Prosjektleder
Randi.Hella@bergen.kommune.no
408 19 634