Gå tilbake til:
Du er her:
Moderne skolebygg med grønne detaljer
Lynghaugparken i Fyllingsdalen blir skule for ukrainske elevar og aktivitets- og leikelokale for yngre barn. Den ukrainske forening i Bergen og Hordaland skal halde til i underetasjen i bygget.
Bilde: Katarina Lunde

Lynghaugparken blir innføringsskule for ukrainske elevar

Lynghaugparken 1 blir innføringsskule for ein del av dei ukrainske elevane som kjem til Bergen. Der blir det òg eit aktivitets- og leiketilbod for yngre barn.

Skulen i Fyllingsdalen har plass til rundt 300 elevar. Kommunen bruker vanlegvis skulen som avlastingsskule for elevar ved skular som er under rehabilitering. 

Lynghaugparken blir i hovudsak eit tilbod til elevane som bur på akuttinnkvartering. 

Elevar som bur privat

Mange av dei ukrainske flyktningane bur privat. Skuleelevar som har privat adresse, kan registrere seg på nærskulen. 

Elevar på første og andre trinn kan gå på nærskulen, mens elevar på tredje til tiande trinn kan enten gå på nærskulen eller i innføringsklasse. 

Det er mellom 100 og 200 ledige plassar i innføringsklassene som allereie finst ved andre skular i Bergen.

Aktivitets- og leiketilbod for yngre barn 

I Lynghaugparken blir det òg oppretta eit aktivitets- og leketilbud for barn yngre enn skulealder. 

Treng morsmålslærarar i ukrainsk

Bergen treng fleire morsmålslærarar i ukrainsk, og lyser ut stillingar.
Les stillingsannonsa (Webcruiter) 

Opnar samlingsstad for ukrainarar

Den ukrainske forening i Bergen og Hordaland får disponere eit lokale i underetasjen i bygget. Dette skal vere ein samlingsstad for ukrainarar som er komne til Bergen. Det vil bli aktiviteter i regi av frivillige organisasjonar. I tillegg kan offentlege aktørar komme til Lynghaugparken og gi informasjon, råd og rettleiing.

Jobbar for å gi skuletilbod til ukrainske elevar

Temasida om Ukraina og Bergen