Noko av personalet som er klar til å ta imot besøkande dette skuleåret.
Noko av personalet som er klar til å ta imot besøkande dette skuleåret.
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Då var skuleåret 2026-2027 godt i gang!

No ser me fram til å ta i mot forventningsfulle og spente 6.-7.trinns elevar og vaksne og gje desse ei skuleveka heilt utanom det vanlege.

Læring gjennom praktiske aktivitetar, treffe andre elevar og vaksne, utvikla nye venskap, overnatting heimanfrå og gode felles måltid omgitt av flott natur er berre noko av det som ventar!

Tema me underviser i gjennom året er mange og varierte og spenner frå krigshistorietil vatnet som hovudveg  for å nemne noko av det dagen kan handla om ein vanleg tur- og utedag på haust- eller vårleirskule. Eller kanskje leirskuleopphaldet er på jul og ein lærer og lever seg inn i korleis ein feira jul i gamledagar. Om vinteren er is- og/eller snørik vil sjølvsagt vinteraktivitetar gå igjen. Hovudtema vil då kunne vera; korleis bevege seg i snø, på ski eller truger, korleis kle seg for ein god dag ute og gjerne også korleis oppføra seg ved eller på eit islagt vatn på ein sikker måte.

Uansett årstid har me ein dag i veka der elevane er i mindre grupper: denne dagen kallar me Bygdadag og elevane får prøva seg på ulike aktivitetar som var vanleg å driva med i gamledagar. Det kan til dømes vera arbeid med jern, ein skuledag i gamledagar eller lefsebaking. Ofte har me denne dagen friluftsaktivitetar om ettermiddagen der elevane er innom ein uteaktivitet som klatring, kajakkpadling, metallsøk eller kanskje frisbeegolf? 

Visjonen vår står ved lag – Læring for livet. Med denne meiner me å få fram målet vårt for leirskuleveka: Me vil at elevane skal læra noko dei har bruk for seinare i livet og at dei skal ha hatt det så kjekt at dei har gode minne å sjå tilbake på lenge, lenge. 

Uansett når på året leirskuleopphaldet måtte vera er alle våre komande gjester, elevar og vaksne, veldig velkomen til Hålandsdalen - me ser fram til å møta deg!