RSS

Siste nytt

Veke 46 - Apeltun og Mathopen

Årets siste veke med haustleirskule har bydd på mykje. Elevane har blitt utfordra på nye aktivitetar og på skiftande vær. Det har gitt dei nyttge erfaringar mellom anna når det kom til påkledning.

Veke 45 – Garnes og Ulsetskogen

Nivlheimr – Skoddeheimen. I Den Yngre Edda blir dette skildra som eit ur-rike i norrøn mytologi der elvane som bidreg til skapinga av verda har sitt utspring.

Veke 44 - Hjellestad og Søråshøgda

Fråvær av mobilar og skjerm og nærvær av «ekte» opplevingar? Kan ein slik tanke ha noko for seg? På leirskulen i Hålandsdalen har me veldig tru på akkurat dette…

Veke 43 - Kjøkkelvik og Søråshøgda

Langt tilbake i tid var dette mykje av kvardagslivet, i dag stort sett noko me driv med når me har lyst – friluftslivet er ein viktig del av leirskuleveka i Hålandsdalen.

Veke 42 - Kjøkkelvik og Ådnamarka

Friluftsaktivitetar på leirskulen i Hålandsdalen, kva er no det? Dette er ein av tinga som elevane frå Ådnamarka og Kjøkkelvik har fått teste ut gjennom si leirskuleveke.

Veke 40 - Mjølkeråen og Ny-Krohnborg

Ein av fellesnemnarane denne veka på leirskule har vore fisk. Me har nytta Vengsvatnet til både garnfiske og dorging frå båt - og som om ikkje det var nok, har me studert fisk med stor iver.

Veke 39 - Mjølkeråen og Møhlenpris

Teamwork, lagarbeid og samarbeid. Dette finn me overalt – i arbeidslivet, på leirskule og, for den saks skuld, på fotballandslaget vårt som møtte Danmark torsdag denne veka.

Veke 38 - Haukeland og Hellen

Dette var veka for H2O – altså vatn. Vatn frå oven, vatn under kjølen og for den saks skuld vatn under beina. Med andre ord ei ganske våt veke for elevane på leirskule.

Veke 37 - Haukeland og Skjold

Nok ei leirskuleveke er til ende. Ei veke der hausten har meldt seg – ei veke med kongeleg gravferd og ei veke med internasjonal «schvung» over i Hålandsdalen.

Veke 36 - Flaktveit og Nordnes

«Den beste versjonen av seg sjølv» - sitatet som, mellom anna, dukkar opp i Kompani Lauritzen er både enkelt og genialt. Nettopp denne setningen kan me øve på gjennom ei leirskuleveke.