Felleshopp frå toppen av Heihillerhornet
Felleshopp frå toppen av Heihillerhornet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 10 - Fridalen og Søreide

Årets første vår-veke er gjennomført - i alle fall etter kalenderen. Men på leirskule i Hålandsdalen er det framleis vinter som gjeld, sjølv om sola varmar godt for tida.

Vinterleirskule betyr ski
Vinterleirskule betyr ski
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Måndag føremiddag kom, i overkant av, 80 elevar frå Søreide og Fridalen inn på tunet. Rett frå vinterferie og rett på leirskule – kanskje den travlaste og mest intense skuleveka elevane har gjennom heile skulegongen sin. For det er ei skuleveke det er snakk om, med fullt trøkk på læring. Den store forskjellen på ei leirskuleveke og ei «vanleg» skuleveke er gjerne metodane som blir nytta. På leirskulen har me høve til mykje meir fysiske og praktiske metodar for å lære. Elevane sine valg får ofte svært direkte og synlge utfall – fotrdi dei opplever dei «på kroppen». Elevane skaffar seg derfor nyttige erfaringar for resten av livet.

Torsdag og fottur til Heihiller for nokre av elevane
Torsdag og fottur til Heihiller for nokre av elevane
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Heilt konkret så har me nytta veka til mykje vinteraktivitet utandørs. Både tysdag og torsdag var fulle utedagar der både påkledning, matpakke og pakking av sekk var viktige tema. Erfaringane frå tysdag til torsdag er synlege – både påkledning, matpakkar er meir tilpassa aktiviteten og sekken er ofte betre pakka. Tysdag var alle ute med ski på beina – målet var at alle skulle oppleve meistring og dermed bli litt betre på ski enn då dagen starta. Torsdag var dei fleste på ski, mens nokre hadde ein ute dag på barmark. Felles for alle var fokuset på friluftslivet og allemannsretten.

"Heimelaga" lunsjbål torsdag
"Heimelaga" lunsjbål torsdag
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Onsdag var bygdedag. Me skrur, for nokre timer, tida tilbake til seint 1800-tal. Elevane fekk prøve seg på ein type handverk eller ein skuleaktivitet litt slik den kunne gått føre seg  for vel hundre år sidan. I staden for å starte ei maskin eller bruke ein PC eller Ipad så var det elevane sine eigen fingrar, musklar og hjerne som måtte utføre alle oppgåver. Dette sette krav til både grov- og finmotorikk – og som med så mykje anna på leirskulen, alle valg og handlingar hadde ein svært direkte og synleg resultat.

Bygdedag og jernarbeid
Bygdedag og jernarbeid
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Fredag var motsett av måndag. I staden for utpakking og «bli kjent» med både folk og tun, var det nedpakking og farvel med både nye venner og leirskuleområdet. Men avreise var ikkje før trådane  gjennom veka vart samla under besøket i gamle Holdhus kyrkje og deretter siste lunsjen for veka. Men då klokka var 1300 var det tid for avreise heim til ei velfortjent helg.

Matlaging ute onsdag ettermiddag
Matlaging ute onsdag ettermiddag
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Takk for no til alle frå både Søreide og Fridalen.

På veg inn i kyrkja for å samle trådane etter ei lang leirskuleveke
På veg inn i kyrkja for å samle trådane etter ei lang leirskuleveke
Bilde: Hålandsdalen leirskole