Jernarbeid på bygdedag
Jernarbeid på bygdedag
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 11 - Fridalen og Søreide

For andre veke på rad kom det elevar frå Fridalen og Søreide til Hålandsdalen leirskole måndag føremiddag. Ei leirskuleveke handlar, mellom anna, om nye vennskap – derfor òg møte med andre skular.

Matlaging ute - bålet som sentrum
Matlaging ute - bålet som sentrum
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Skal oss menneske fungere som vaksne er det fornuftig å trene på dei eigenskapane som  trengs som vaksen. Ei veke på leirskule er ein svært god plass å øve på det å møte nye og ukjende fjes og personar. Personar ein skal vera med ei heil skuleveke, ja til og med, samarbeide med om mange oppgåver. Aktivitetar, oppgåver og fritid skjer alle stort sett saman med andre og er dermed eit godt høve til å øve på å lytte til andre, ta hensyn og hjelpe og så vidare.

Trearbeid er håndarbeid
Trearbeid er håndarbeid
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Dette byrjar allereie måndag føremiddag – straks etter at elevane har kome inn på tunet. Måndagen handlar om å litt kjend med både dei andre på leirskulen og med sjølve leirskulen. Samarbeidsaktivitetane, som går føre seg etter lunsj, er eit tydeleg bevis på dette. Her trengs hjelp frå alle på gruppa for å utføre ulike oppgåver.

Denne veka, midt mellom vinter- og påskeferie, hadde to fulle utedagar. Bydgedagen låg i midten, på onsdag, medan avreisedag var fredag. Tysdag hadde me fokus på skileik og å bli (meir) kjend med eigen skiferdigheiter. Torsdag var fokuset retta meir mot det norske friluftslivet og elevgruppa vardelt mellom skigåarar og ein gjeng på fottur. Det som var likt var lunsjrutinane med bålfyring og eigenprodusert solbærtoddy og toast.

Elevlaga bål ute på torsdag
Elevlaga bål ute på torsdag
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Onsdag hadde gamledagar i hovudfokus. Me skrudde tida tilbake til seint 1800-talet og gav elevane oppgåver innan handverk og aktivitetar litt slik det kunne vore på den tida. Etter ein rask lunsj inne i matsalen på leirskulen handla ettermiddagen om friluftsaktivitetar. Her var elevane delt i ulike grupper som til dømes klatregruppe, matlagingsgruppe ute og skred og søk,

Dagane går fort i Hålandsdalen og fredagen kjem fort. Då er det utpakking og omvising i gmale Holdhus kyrkje som gjeld. Deretter ein siste runde inne matsalen – fredagslunsjen…Då den var fortært stod det berre igjen diverse kåringar (til dømes som vinnar romkonkurransen) og så tid for heimreise. 

God tur heim og på gjensyn til alle frå både Søreide og Fridalen.

I ly for været under "hidlaren"q
I ly for været under "hidlaren"
Bilde: Hålandsdalen leirskole