Metallsøk som aktivitet ute
Metallsøk som aktivitet ute
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 12 - Fjellsdalen

Siste innspurt, siste rest eller kanskje me skal sei finalen. Uansett kva me kallar det så var dette siste veke med vinterleirskule for 2024. Elevar frå Fjellsdalen fekk avslutte det i år...

Lunsjen føregår ute i felt både tysdag og torsdag
Lunsjen føregår ute i felt både tysdag og torsdag
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Hålandsdalen leirskole har ulike undervisnigsopplegg so mer tilpassa årstidene. Haust og vår er det mykje på vatn og til fots, medan vinter er det ski og is som gjeld. Dei første vekene i januar kan ofte vera litt tøffe med tanke på snøforhold og ski, men ikkje i år. Det har vore vinterleirskule med ski som tema heilt sidan skulestart i januar. Om ikkje me har hatt snø og forhold for ski nede ved leirskulen så har det vore mogleg å nytte skiløypene og områda ved Bygdastølen ski og tursenter. Dette området ligg berre 10-15 min med buss vekke frå tunet på leirskulen og me har eit godt samarbeid med Bygdastølen ski og tursenter gjennom heile vinteren.

Vaffelsteiking på vedovn
Vaffelsteiking på vedovn
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Elevane frå Fjellsdalen har eigentleg fått litt av alt denne veka. Tysdag var alle saman ute med ski på beina. Tema for dagen var skileik. Dette betyr rett og slett litt grunnleggjande skiopplæring forkledd som ulike leikprega oppgåver. Nokre av oppgåvene skjedde på flat mark, medan andre i bakkar. Me har «snubla» og reist oss opp, me har svinga, me har hoppa og me har gått fiskebein. I løpet av ein slik dag ute så fekk alle utfordra seg sjølv på ski og enda opp med litt betre skifølelse enn då dagen byrja.

Vedarbeid i "Gamlestova"
Vedarbeid i "Gamlestova"
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Onsdag og bygdedag er alltid populært. Me skrur tida tilbake til slutten av 1800-talet og prøver oss på ulike typar handverk eller aktivitetar utan bruk av moderne teknologi. Det krev sein god porsjon koordinasjon for å meistre slike oppgåver – alt frå vaffelsteiking på vedovn, spikke ostehøvelskaft og til bruk av blekkpenn i gamleskulen. Ettermiddagen stod ulike friluftsaktivitetar i fokus og elevane fekk prøve seg på ein aktivitet utandørs.

Torsdag hadde friluftslivet som hovudtema. Nokre var til fots i skogen der, mellom anna, bruk av kompass og gradorientering var ein viktig del av dagen. Andre igjen nytta seg av snøen som framleis låg igjen i fjellet og fekk seg ein topptur på ski til Heihillerhornet. Felles for alle var eigeprodusert lunsjbål med tilhøyrande grilling av matpakke og oppvarming av vatn til varm solbærsaft.

Uthuling av tre - ein av oppgåvene for trearbeidarane på bygdedagen
Uthuling av tre - ein av oppgåvene for trearbeidarane på bygdedagen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Då fredagen kom handla det, nok ein gong, om å samle litt av trådane som har gått gjennom heile veka. Kyrkjebesøket er viktig når det kjem til å samanlikne fortid og notid – lik me har gjort store delar av leirskuleveka. Litt av filosofien vår på Hålandsdalen leirskole er nettopp av dersom me kan vår eigen historie så forstår me meir av verda me sjølv lev liva våre i.

Målområdet for gradorienteringsløypa
Målområdet for gradorienteringsløypa
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Med dette var både leirskuleveka og vinterleirskulane ferdig for denne gong. Elevar og lærarar frå Fjellsdalen drog frå leirskulen omtrent klokka 1300 – klare for å kome heim og klare for påskeferie.

Årets siste tur til Hehillerhornet på ski
Årets siste tur til Hehillerhornet på ski
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Takk for ei triveleg veke til dykk alle saman.