Kikedalen
Kikedalen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 15 - Hordvik og Kringlebotn

Av og til er det både lurt, rett og nødvendig å utvide sine eigne grenser. Me toler mykje meir enn me gjerne kan tru. Torsdagen denne leirskuleveka var ein dag der mange fekk utvida eigne grenser.

Kanopadling med tema vatn som ferdselsveg
Kanopadling med tema vatn som ferdselsveg
Bilde: Hålandsdalen leirskole

I nærare 300 000 år har menneske eksistert på jorda. I dei aller fleste av desse åra har me måtte klare oss som jegrar og sankarar, samt takle det ubehag som vær og vind har «kasta» på oss. Men enkle hjelpemiddel førte til hardføre menneske som tålte mykje.  Kanskje har me noko å læra av dette?

Torsdag var ein dag med mykje vatn. Dermed blei påkledning eit viktig tema – for torsdag var ein full utedag på leirskulen. Undervisningstema for dagen var allemannsretten, bruk av kompass og bål, i tillegg til påkledning og teknikkar for å halde varmen.

Vått i skogen torsdag
Vått i skogen torsdag
Bilde: Hålandsdalen leirskole

For mange var det ei solid utfordring å meistre både påkledning og å halde varmen når regnet «aldri» stoppa. Likeeins var bålfyring ei utfordring i regnet. Dess betre førebuingar dess betre resultat var opplevinga mange sat igjen med – men alle nådde eit resultat. Gradorienteringa, med bruk av kompass, gjorde sitt til å endre fokus og til å skape den nødvendige fysiske aktiviteten slik at varmen kom tilbake.

Vår i fjellet - topptur på Heihillerhornet
Vår i fjellet - topptur på Heihillerhornet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Men leirskuleveka var meir enn torsdag og regn. Me hadde velkomstdag måndag – slik me alltid har i ei vanleg skuleveke. Samarbeidsaktivitetar og det å bli kjent med både plass, rutinar og andre er viktig. Tysdag var, til liks med torsdag, ein full utedag. Elevane var delt skulevis der Kringlebotn var på Skogeidvatnet med kanopadling og vassvegane som ferdselsveg som undervsiningstema. Hordvik sette kursen mot Gjønavatnet og Kikedalen. Undervisningstema var kanopadling, landskapsformer og middelalderhistorie.

Onsdag skrudde me tida tilbake ca 100 år – eller som me kallar det på leirskulen, “Bygdedag”. Ved å teste ut arbeidsoppgåver og aktivitetar slik det kunne vore tilbake i tid, er målet at elevane skal forstå litt meir av vår eigen historie. Etter lunsj stod friluftsaktivitetar for tur – enten til lands eller til vanns…

Lefsebakarar i aksjon på bygdedagen
Lefsebakarar i aksjon på bygdedagen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Til sist var det fredag og avslutningsdag. Utpakking, endeleg rominspeksjon og kyrkjebesøk er dei vanlege fredagsaktivitetane. Det same er den avsluttande lunsjen med utdeling av premie for beste rom gjennom veka. Heilt til slutt er det pakking i bussen og avreise heim etter ei intensiv veke på leirskule.

Takk for besøket til alle som var vore i Hålandsdalen denne veka.