Lefsebakarar i aksjon på bygdedagen
Skrive dagbok er ein av våre faste oppgåver på leirskulen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 16 - Li og Haukedalen

Klokka er blitt 0845, eller den er blitt 1730, og det er tid for faste arbeidsoppgåver på leirskulen. Kvar morgon og kvar ettermiddag skjer det - elevane rullèrer på ulike arbeidsoppgåver.

Utdrag frå "Dagboka" denne veka
Utdrag frå "Dagboka" denne veka
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Det handlar om å få leirskuleveka til å bli best mogleg - for elevane gjeld mange ting å halde på med. Noko av det dei held på med er faste oppgåver og no på vårparten er oppgåvene som skal utførast fylgjande; værmelding, flagget (heise eller fire), dagbok, kontroll på uteområde (rydde ballar og andre uteleiker) og kjøkkenteneste. Elevane utfører oppgåvene i faste grupper. Dei fleste av oppgåvene blir avslutta på «plassen», men «dagbok-oppgåva» kan både lærarar og elevar nytte seg av i etterkant av leirskuleveka – for nettopp dagboka vert kopiert opp og overlevert kvar besøkjande skule før avreise fredag. Sjølve dagboka er ein liten rapport eller ei kort forteljing om kva som har skjedd på leirskulen. Eit av måla til Hålandsdalen leirskole er at leirskuleveka bli forlenga ved å jobbe vidare med tema frå leirskulen på heimeskulen og i denne samanheng kan dagboka vera ein viktig «knagg» for å hugse…

Klar for samarbeid - oppdrag kanopadling til Kikedalen
Klar for samarbeid - oppdrag kanopadling til Kikedalen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Gjennom leirskuleveka skjer det nemleg svært mykje – både på dagtid og på kveldstid. Elevane frå Haukedalen og Li har denne veka hatt to fulle utedagar – ein «til lands og ein til vanns». Dei har hatt bygdedag med avsluttande besøk hjå Familen Håland og ei har hatt ei rekkje samarbeidsøvelsar heilt frå «innflytting» måndag og til «utflytting» fredag. 

På tysdag og torsdag har begge skulane vore i kano til Kikedalen – Li på tysdag og Haukedalen torsdag. Kanopadling er ein strålande samarbeidsøvelse der alle tre i kanoen må bidra med sine arbeidsoppgåver for at framdrift og retning skal bli bra. Kikedalen har i tillegg hatt tema som mellomalderhistorie og naturen sjølv som landskapsformar.

Etter ein kjapp intro til bålfyring er det elevane sin tur til å utføre...
Etter ein kjapp intro til bålfyring er det elevane sin tur til å utføre...
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Den andre av utedagane har dreidd seg om allemannsretten, skogen og navigasjon. Heilt konkret betyr dette ein skogstur der me tek opp tema knytt til skogen. I tillegg handlar det om bålfyring og orientering med bruk av kompass. Begge desse aktivitetane er praktiske og gjev eit svært direkte svar på om det blir suksess eller ikkje. Ein skal ikkje kimse av erfaringsklæring…

Nettopp erfaringslæring er ein svært stor del av leirskuleveka – bygdedagen vår er endå eit døme på det. Ved å prøve seg på ein bygdedagsaktivitet og ein friluftsaktivitet byggjer me litt på den praktiske erfaringa til kvar enkelt elev. For det er, for dei aller fleste, slik at erfaringane me haustar byggjer kunnskap og dess meir kunnskap me sit med, dess større er sjansen for å ta gode valg i framtida.

Startposten på orienteringsløypa vår denne veka
Startposten på orienteringsløypa vår denne veka
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Takk for ei leirskuleveke med mange smil, «aha-opplevingar» og erfaringar til alle frå både Li og Haukedalen.

Litt av fiskegruppa onsdag ettermiddag i aksjon
Litt av fiskegruppa onsdag ettermiddag i aksjon
Bilde: Hålandsdalen leirskole