Klargjering av matsal - oppdrag for kjøkkengruppa
Klargjering av matsal - oppdrag for kjøkkengruppa
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 17 – Varden og Eidsvåg

«Uten mat og drikke, duger helten ikke». Men uten ein godt rigga matsal er det heller ikkje mogleg med gode måltid på leirskulen. Her trengs det ei kjøkkengruppe…

Rigging av kanoar for padling
Rigging av kanoar for padling
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Det var desse faste oppgåvene våre – der ei av desse er kjøkkenteneste. Kjøkkentenesta er ei av dei rullèrande oppgåvene våre. Den er to-delt, der første del går føre seg før måltidet og den andre del ettermåltidet. Før måltidet skal matsalen ordnast til – det betyr at stolar skal plasserast rundt borda samt at glas og boksar med bestikk skal setjast på borda i matsalen. I etterkant av måltidet trengsdet hjelp til å rydde av borda, vaske bord og tørke stolar, samt stable stolar slik at leirskulen sitt kjøkkenpersonale lettast mogleg kan vaske golv. 

Lunsjplass "bak" Heihillerhornet - tema for dagen "Krigshistorie".
Lunsjplass "bak" Heihillerhornet - tema for dagen "Krigshistorie".
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Tanken vår, frå leirskulen si side, er at elevane skal ta ansvar for både seg sjølv og fellesskapet. Ansvar betyr å utføre oppgåver som gagna fellesskapet – derfor våre faste oppgåver, som kjøkkentenesta er ein del av.

Dei aller fleste elevane frå Varden og Eidsvåg har, i løpet av leirskuleveka, delteke i kjekkenteneste. Men dette er sjølvsagt berre ein liten, liten del av leirskuleveka. Me har hatt to utedagar, der alle elevane har hatt ein dag til vanns og ein dag til fots. Tematikken har vore den same for alle elevane – vekselvis tysdag og torsdag. I gjennom veka har alle vore i kano på Gjønavatnet – der nokre nådde heilt inn til Kikedalen mens nokre blei stoppa av motvind og snudde etter to tredjedeler av padleturen. Alle har òg vore over og rundt Heihillerhornet med tema krigshistorie og flysleppa i Hålandsdalen 1944-1945.

Arbeid med skinn - produksjon av skinnposar
Arbeid med skinn - produksjon av skinnposar
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Onsdag var bygdedag der elevane var tilbake i gamledagar og utførte arbeid og aktivitetar frå gamle dagar. Til dømes var nokre i smia, enkelte på skinnverkstaden, ein del i gamlastova og så vidare. Ettermiddagen vart nytta til friluftsaktivitetar – nokre til vanns og mange til lands på ulike måtar.

Fredag, kjem som vanleg fort – så òg denne veka.

Takk for ei kjekk veke, både til lands, til vanns og med faste oppgåver.

Manuelt arbeid med råvarer - sløying av fisk
Manuelt arbeid med råvarer - sløying av fisk
Bilde: Hålandsdalen leirskole
Dagens treningsøkt for hender og armar - toving av sitteunderlag
Dagens treningsøkt for hender og armar - toving av sitteunderlag
Bilde: Hålandsdalen leirskole