Professorar og andre ekspertar har sagt det i lang tid – aktivitet er gull verdt for heile kroppen. Det gjeld særleg for born og unge de både kropp og sinn skal førebuast på vaksenlivet. Forskninga er heilt tydeleg – (fysisk) aktivitet er godt for skjelett, musklar men òg for hjerne og intelligens.
For elevane frå Damsgård og Alvøen har det vore, nettopp, ei veke med mykje aktivitet. Ikkje aktivitet som i knallhard trening, men aktivitet som strekk seg over lang tid – både innandørs og utandørs.
Me har helde på med samarbeidsaktivitetar og friluftsaktivitetar. Me har hatt bygdedagstema både tysdag og onsdag – altså dobbelt opp slik at elevane fekk prøve seg på to ulike bygdedagsaktivitetar.
Onsdag ettermiddag fekk alle elevane prøvd seg på isfiske på Vengsvatnet. Elevgruppa blei delt i tre og kunnskap om isvett og isfiske blei både formidla og praktisert.
Torsdagen nytta me i skiløypene på Bygdastølen – alle med ski på beina. Tematikken for dagen var skileik. Dette betyr masse ulike øvingar med ski på beina. Alt for å fremje og utvikle eigen motorikk, koordinasjon og skifølelse.
Fredag var, som vanleg, avreisedag med alt som må til. Det betyr utpakking, rollespel i gamle Holdhus kyrkje og til sist ein avsluttande lunsj der vinnar av beste rom gjennom denne leirskuleveka blei presentert.
Takk for ein kjekk veke saman med elevar og lærarar frå Damsgård og Alvøen. God tur heim og god helg.