Det handlar om samhandling og samarbeid, både leirskulen og livet for øvrig. Å vera den beste versjonen av seg sjølv vil då gjerne sei at me alle yter vårt beste for at både samhandling og samarbeid skal bli bra. Inni dette begrepet kan me putte mange ting, til dømes å tilby hjelp til andre og å be om hjelp frå andre, utfordre seg sjølv samt våge å fortelje når noko er vanskeleg. Her kunne me tatt fram mange ulike moment – men fellesnemnaren er å gjere sin del av «jobben» for at både ein sjølv og alle rundt kan ha det bra.
På leirskulen vert slike moment øvd på heile tida. Det handlar mykje om samarbeid og samhandling – både i større og mindre grupper. Gjennom reine samarbeidsøvelsar, men òg gjennom praktiske undervisningsaktivitetar som strekkjer seg over mange timar.
Nordnes hadde, denne veka sikta seg inn på ein dag på vatn og ein dag til fots. Dagen på vatn gjekk føre seg på Vengsvatnet der elevane fekk prøve både kano og robåt. Hovudtema for dagen var fisk. Me trekte garn og studerte fisk før returen til leirskulen. Fotturen hadde skogen, allemennsretten og orientering med kompass (gradorientering) som tema. Me sette kursen sørover frå leirskulen gjennom både tørt, vått, flatt og meir kupert terreng. Lunsjen ute, der elevane lagde eigne bål, var ein sjølvsagt aktivitet på ein slik dag.
Flaktveit hadde bestemt seg for same struktur på utedagene som Nordnes – ein dag på vatn og ein dag til fots. Deira dag på vatn gjekk føre seg på Gjønavatnet og med Kikedalen som turmål. Det var med kano som transportmiddel og utover dagen blei det undervisning i geologi, landskapsformer og ikkje minst historien om korleis folk har budd inne i Kikedalen. Flaktveit sin fottur gjekk til fjells. Undervisningstema var krigshistorie og Øykjafjell og Botnavatnet var plukka ut som mål for turen.
Onsdagen var elevane delt på tvers av skular og oppdelt i mindre grupper. Dette var bygdedagen vår denne veka - der tema før lunsj var livet i gamle dagar. Elevane fekk prøve seg på aktivitetar som til dømes jernarbeid, tønner, og skinnarbeid.
Ettermiddagen hadde friluftsaktivitetar som fokus. Her stod til dømes matlaging ute, metallsøk og frisbeegolf på programmet.
Til sist i veka kom fredagen. Ein standard fredag med romispeksjon, rollespel i kyrkja og avsluttande lunsj i matsalen før det var tid for avresie.
Takk for ein strålande veke saman med elevar og vaksne frå både Flaktveit tog Nordnes.