Den internasjonale «schvungen» stod fire studentar frå studiet «Fjords and glaciers» ved Høgskulen på Vestlandet for. Elevane frå Haukeland og Skjold har derfor fått litt kjenskap til både Belgia, Nederland og Spania.
Måndag ettermiddag slo til med eit , tidvis, forrykande regnvær. For elevane stod samarbeidsaktivitetar på programmet, men trass det litt rufsete været var innsatsen upåklageleg. Ein fordel med regn første dag på leirskule er at påkledninga til elevane nesten ordnar «seg sjølv» seinare i veka.
Begge skulane hadde valt ein dag til fots og ein dag på vatn denne veka. Ynskje om krigshistorie som tema var likt for begge – Haukeland på tysdag og Skjold på torsdag. Medan dagen på vatn var det ulike ynskje. Skjold hadde fisk som undervisningstema, med Vengsvatnet som «klasserom» mens Haukeland tok turen til Kikedalen og såg nærare på både kultur- og naturhistorie. Felles for begge var kanopadling – og her fekk Skjold med seg robåt og roing som ekstra moment.
Onsdagen hadde bygdedag med friluftsaktivitetar som tema. Føremiddagen skrudde me tida tilbake til gamledagar og elevane prøvde seg på eit yrke eller arbeidsoppgåve utan tilgong til moderne teknologi. Starten på lunsjen vart via kongeleg gravferd og til liks med det aller meste av landet heldt me eit minutts stillhet for å minnast og heidre Harald V.
Ettermiddagen gjekk føre seg utandørs for alle saman – nærare bestemt med friluftsaktivitetar. Nokre elevar padla kajakk, nokre fiska og andre spela frisbiegolf – for å nemne noko.
Så var det plutseleg fredag igjen og straks tid for avreise. I skrivande stund er me ferdige med avsluttande rominspeksjon og rollespelet i gamle Holdhus kyrkje. Elevane sit no og et lunsj og ute står bussane klare til å frakte dei heim att til ei vel fortjent helg.
Takk for besøket til alle som har vore innom på Hålandsdalen leirskule denne veka.