Det handlar om å gjere sin del av jobben, sine oppgåver, slik at samhaldet blir best mogleg, opplevingane vert best mogelg og at resultatet blir bra. Nettopp samarbeid er eit av momenta som går igjen gjennom heile leirskuleveka i Hålandsdalen.
Det byrjar allereie måndag med bussreisa inn til Hålandsdalen, vidare med innkvartering på rom og intro til faste arbeidsoppgåver. Sterkast fokus på samarbeid kjem likevel måndag ettermiddag då alle elevar får øvd gjennom å finne løysingar på ulike oppdikta problem. Samarbeidsaktivitetane våre er ei rekkje med øvelsar som øver nettopp samarbeid.
Med samarbeidet som ein av dei raude trådane gjennom heile veka, så har me òg gjort mykje anna. Begge skular har nytta ein full utedag på Vengsvatnet. Undervisningstema på Vengsvatnet har vore fisk – der elevane har vore med å trekkje garn, dei har greidd garnet og studert fisken som hadde gått i garnet. I tillegg så har elevane fått prøve seg i robåt og med ekte roing (ikkje berre slik roing som fotballandslaget).
Begge skulane har òg vore til Kikedalen denne veka – med kano som transportmiddel. Undervisningstema elles inne i Kikedalen har, som vanleg, vore geologi og landskapsformer, samt historien om Kikedalsbonden Jon.
Onsdag hadde med bygdedag. Tida var skrudd tilbake til slutten av 1800-talet og elevane har fått prøve ut yrker og oppgåver slik det kunne sett ut på den tida. Det handlar sjølvsagt om handverk og anna bruk av hendene – i staden for bruk av teknologiske hjelpemiddel. Ettermiddagen hadde friluftsaktivitetar på programmet – der nokre var i kajakk, enkelte klatra og andre igjen prøvde seg med matlaging ute, frisbeegolf eller gradorientering (orientering med bruk av kompass).
Til sist i veka kom, som vanleg fredagen med sine faste rutinar. Samarbeidet held fram gjennom både faste oppgåver, utpakking av rom og gjennom heile kyrkjebesøket i gamle Holdhus kyrkje.
Takk for ei flott veke og godt samarbeid til alle frå både Mjølkeråen og Møhlenpris – eit samarbeid som har vore minst like godt som fotballandslaget i sin kamp mot Danmark.