Morgonstund i oktoberf
Morgonstund i oktober
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 40 - Mjølkeråen og Ny-Krohnborg

Ein av fellesnemnarane denne veka på leirskule har vore fisk. Me har nytta Vengsvatnet til både garnfiske og dorging frå båt - og som om ikkje det var nok, har me studert fisk med stor iver.

Uteføredrag om fisk
Uteføredrag om fisk
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Ferskvatn eller saltvatn – kva fiskeartar finn me? Kva artar fins i Vengsvatnet og kva for artar kan me forvente å få i garn eller på fiskestang? Me kan dra fiskepraten endå lenger og snakke om laksefamilien og kjenneteikn på fiskeartar som høyrer til den, me kan snakke om K-faktor og me kan studere fisken i detalj både utvendig og innvendig.

"Studiefisk" klargjort...
"Studiefisk" klargjort...
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Alt dette er moment og aktivitetar me kan halde på med på leirskule– og alt dette har me sjølvsagt gjort saman med elevane frå Ny-Krohnborg og Mjølkeråen. Og som om ikkje det var nok – så har elevane fått sjansen til å smake ein liten bit av sjølvfiska (og steikt) aure og røye frå Hålandsdalen.

Litt av fangsten denne veka
Litt av fangsten denne veka
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Sjølv om fisk har vore ein av fellesnemnarane denne veka, så er det langt ifrå alt me har gjort. Mjølkeråen har i tillegg vore til Kikedalen med både kanopadling, geologiundervisning og historien om Kikedalsbonden.

Introduksjon til båtvett og roing
Introduksjon til båtvett og roing
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Ny-Krohnborg har vore til fjells, i retning Holdhusstølen, Øykjafjell og Botnavatnet med undervisning om 2. verdenskrig og flyslepp frå England vinteren 1944 og 1945.

Fellesstopp på veg mot Kikedalen
Fellesstopp på veg mot Kikedalen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Som vanleg har me òg hatt bygdedag. Ein leirskuledag der tida er skrudd tilbake vel 100 år og elevane får prøvd ut aktivitetar og arbeidsoppgåver slik det kunne vore på den tida. Tanken bak ein slik dag er både å skape mest mogleg (praktisk) elevaktivitet og samstundes gje elevane høve til å samanlikne gamledagar med notida.

Onsdag ettermiddag, den andre halvparten av bygdedagen, nytta elevane utandørs med ein type friluftsaktivitet.

Utsikt "heimover" frå Kikedalen
Utsikt "heimover" frå Kikedalen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Når det no er blitt fredag ettermiddag og snart haustferie, er det vel vitande om at elevane har vore igjennom våre vanlege fredagsaktivitetar som avsluttande rominspeksjon, rollespel i kyrkja og den avsluttande lunsjen i matsalen - der vinnar av romkonkurransen gjennom veka blir kåra.

Takk for no, og tur heim og riktig god ferie til alle frå Mjølkeråen og Ny-Krohnborg.