Haust på leirskulen
Haust på leirskulen
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 46 - Apeltun og Mathopen

Årets siste veke med haustleirskule har bydd på mykje. Elevane har blitt utfordra på nye aktivitetar og på skiftande vær. Det har gitt dei nyttge erfaringar mellom anna når det kom til påkledning.

Hålandsdalen i (lett) vinterdrakt
Hålandsdalen i (lett) vinterdrakt
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Ein fotballkamp innheld ulike fasar som både laga og spelarar må takle. Momentumet varierer gjennom kampen og dess betre spelarane er på både mot- og medgong – ja dess større er sjansen for suksess. Her òg kan me finne parallellar til ei leirskuleveke.

Orienteringsløypa ligg klar...
Orienteringsløypa ligg klar...
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Gjennom veka opplever elevane oppgåver dei er kjend med og meistrar på direkten og dei møter oppgåver som krev meir jobbing (gjerne både fysisk og mentalt) for å meistre – momentumet endrar seg. Slike tilfeller møter me alle gjennom livet og då trengs det trening i å takle dei. Dette er kunnskap og erfaringar som fungerer som «usynleg» læring gjennom ei leirskuleveke.

Elevane har måtte takle nedbør og kulde – dei har vore nøydd til å tenkje nøye gjennom påkledning for å få best moglege opplevingar utandørs og dei har vore nøydd til å samarbeide med andre enn dei vanlegvis samhandlar med.

Elevane har laga eige lunsjbål denne veka
Elevane har laga eige lunsjbål denne veka
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Apeltun nytta ein utedag til fots og ein på vatn gjennom si leirskuleveke. Fotturen gjekk i sydleg retning med tema som allemannsrett, bål og gradorientering. Utedagen på vatn gjekk føre seg på Vengsvatnet der trygg ferdsel på vatn stod i fokus – saman med med mykje anna.

Mathopen hadde same prioritering som Apeltun – ein dag til fots og ein dag på vatn. Fotturen var av same type som Apeltun – med dei same tema. Dagen på vatn derimot var noko ulik – i den forstand at roing og fisk stod i høgsete denne dagen.

Ro-økt på Vengsvatnetf
Ro-økt på Vengsvatnet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Onsdag var det me kallar bygdedag – dagen då tida er skrudd tilbake til slutten av 1800-talet. Elevane fekk prøve ut arbeidsoppgåver og handverk slik det kunne sett ut på den tida. Onsdag ettermiddag gjekk med til friluftsaktivitetar i nærområde vårt.

Når i tillegg «Kong Vinter» har meldt seg for første gong denne sesongen er det eit skikkeleg frampeik på kva som er i vente.

Aldri eit lunsjbål utan grilling av ostesmørbrød
Aldri eit lunsjbål utan grilling av ostesmørbrød
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Takk for besøket, både vaksne og elevar, frå Apeltun og Mathopen. God tur heim og ha ei riktig god og velfortjent helg.

Metallsøk som friluftsaktivitet
Metallsøk som friluftsaktivitet
Bilde: Hålandsdalen leirskole