Fyrste juledag skulle først og fremst alt det beste fram på frukostbordet.
Julekvelden med festmiddag og julekveldsfeiring var tross alt unnagjort – sjølve julefeiringa var godt i gong og det var lov å unne seg det «lille ekstra» etter eit langt arbeidsår. På frukostbordet fredagar på juleleirskule kjem det aller beste smøret, kjøtpålegget og leverposteien. Alt det gode som elevane var med på å lage tysdag.
Etter juledagsfrukosten var det tid for «å gå» til kyrkje. Litt song med levande musikk til, tindrande ljos og ei kjensle av
korleis det kunne vera for folk i Hålandsdalen tilbake i tid. Viss me ser litt nøye etter så er det ein form for symbolikk i det aller meste knytt til både turen til kyrkja og julefeiringa i seg sjølv. Me finn døme på det heilt opp til våre dagar – om enn i ei litt anna form enn på 1800-talet.
Elevar og lærarar fekk oppleve ein juleleirskule der mykje har skjedd. Julesnøen let vente på seg, men aktivitetane let seg ikkje stoppe av det. Elevane har øvd seg på samarbeid, laga ei rekkje ulike produkt – både matvarer og andre handverksgjenstandar. Som
om ikkje det var nok har dei vore ein dag i skogen der dei har laga gruppebål og funne juletre. Vidare vart julefeiringa gjennomført i gamal stil og med fredagen godt i hamn var det berre å finne seg plass i bussen og ta sikte på vegen heim.
Med dette er den nest siste veke med juleleirskule i 2025 ferdig. Den eigentlege julehøgtida nærmar seg med raske steg – berre ei god veke att.
God helg til alle besøkjande elevar og lærarar frå Rolland.