Bygdedag med lefsebaking
Bygdedag med lefsebaking
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Veke 8 - Flaktveit og Smørås

I den gamle kalenderen, Primstaven, har 22.februar eit eige merke – som oftast ein stein eller ein nøkkel. Dette var rett og slett markering av første vårdagen i året.

Skileik i skiløyper onsdag
Skileik i skiløyper onsdag
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Reint praktisk så vart dette rekna som dagen då frost og tæle i bakken, for alvor, byrja tine. I tillegg vart dette rekna som dagen då isen på vatna byrja smelte, både ovanfrå og nedanfrå. I denne samanheng var det, i enkelte krinsar i gamle dagar, ein praksis som sa at dersom du var tankelaus nok til å ferdast på isen etter 22. februar – ja så kunne du ikkje forvente at andre skulle risikere liv og helse for å hjelpe deg dersom du gjekk igjennom isen…

For dei besøkjande elevane frå Smørås og Flaktveit så har veka med den første vårdagen vore nettopp ei «vårveke» - milde temperaturar og regn i lufta. Men godt med snø i fjellet og på Bygdastølen, har me likevel kunne gjennomføre ei veke med vinterleirskule.

Snøsofa - klargjering til utelunsj torsdag
Snøsofa - klargjering til utelunsj torsdag
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Måndag og fredag var, som normalt, velkomst og avreisedag. Desse dagane har relativt fast program – måndagen for å setje standarden for veka samt bli litt kjent – fredagen for å samle trådane og avslutte med stil.

Tysdag, onsdag og torsdag er dagar me kan sjonglere meir med innhaldet. Denne veka la me bygdedagen på tysdag – ein bygdedag som ein handverksaktivitet og ei orienteringsøkt for alle saman. Onsdag nytta me som introdag på ski – det som me kallar skileikdag. Målet er, gjennom mange små, enkle og rare øvelsar, at alle skal meistre det å stå på ski litt betre enn kunne frå før. Torsdag gjorde me nytte at alt som var gjort onsdag – då me nytta dagen til vinterfriluftsliv. Vinterfriluftsliv hjå oss betyr kunnskap om allemannsretten, bålfyring som elevoppgåve. Alt med ski eller truger på beina.

Straks klar for å "kveikje" lunsjbålet
Straks klar for å "kveikje" lunsjbålet
Bilde: Hålandsdalen leirskole

Dei fem vekedagen går skrekkeleg fort på leirskulen. Innspurten mot vinterferien var unnagjort med eit knips. Då fredagen kom har elevane skaffa seg mange nye erfaringar, både fagleg og sosialt. Dei reiste heim med nye opplevingar, nye minner og nye vennskap.

Takk for ei spennande leirskuleveke saman med elevar og lærarar frå Flektveit og Smørås.

God vinterferie til dykk alle.

Besøk i Holdhus kyrkje - avslutning på leirskuleveka
Besøk i Holdhus kyrkje - avslutning på leirskuleveka
Bilde: Hålandsdalen leirskole