Gå tilbake til:
Du er her:
Bjerknesparken barnehage med lekeapparater og Løvstakken i bakgrunnen.
VIL KJØPE: Kommunen og Akasia er samde om ein avtale, der kommunen kjøper Akasia-barnehagane som ligg i Bergen. På biletet er Bjerknesparken barnehage som er ein av 18 barnehagar som er omfatta av avtalen.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Einige om å kjøpe Akasia-barnehagane

Bergen kommune og Akasia AS er etter drøftingar samde om ein avtale som inneber at kommunen kjøper aksjane i barnehageverksemda til Akasia for 89,99 millionar kroner.

Aksjekjøpet skal endeleg godkjennast av bystyret, men byrådet rår til at aksjekjøpsavtalen vert godkjent slik han ligg føre.

Avtalen er eit resultat av forhandlingar mellom Bergen kommune og Akasia AS som har pågått sidan februar. Han inneber at kommunen kjøper barnehageverksemda Akasia barnehage AS og tar over dei 18 barnehagane dette selskapet har i Bergen kommune.

Ønskjer fleire kommunale barnehagar

– Byrådet ønskjer å ha ein større del kommunale barnehagar i Bergen. Det gjer det lettare for oss å skape ein god by å bo i, med barnehageplass der folk bur. Med denne overtakinga vil nærare fire av ti barnehagar i kommunen vår vere kommunale. Det viktigaste vidare er å sørge for ein god overgang for dei tilsette,samt barna og foreldra som er brukarane av Akasia-barnehagane, seier byrådsleiar Roger Valhammer.

Kommunen overtar heile Akasia barnehage AS  med alle eigendelar, rettar, gjeld og pliktar. Kommunen overtar dei 15 barnehagebygga selskapet eig og leigeavtalane for tre barnehagar.

–Sammen med eksterne rådgivere har vi kommet frem til en pris som reflekterer markedsverdien for selskapet. Vi mener dette er en riktig og akseptabel pris for Bergen kommune , seier finansbyråd Erlend Horn.

Skal integrerast i kommunen

Etter avtalen skal Bergen kommune overta Akasia barnehage AS 31. august 2021. Akasia-barnehagane blir då eit heileigd kommunalt aksjeselskap. Frå 1. januar 2022 vil barnehagane etter planen bli gjort om til kommunale barnehagar og bli ein integrert del av verksemda til Etat for barnehage.

Dei tilsette vil då ha Bergen kommune som arbeidsgjevar i ei overdraging av verksemda. Eit eige prosjekt er etablert for å syte for at overdraginga skjer på ein god måte.

– Driftstilskotet som Akasia-barnehagane får frå kommunen vil langt på veg vere dekkande for dei utgiftene vi vil ha når drifta skjer i kommunal regi, seier finansbyråd Erlend Horn.

Akasia-barnehagane mottar i 2021 eit kommunalt tilskot på 211,7 millionar kroner.

Inga endring med det første

Frå 31. august vil den einaste endringa for Akasia-barnehagane vere at kommunen er eigar. Det vil ikkje vere endringar i drifta av selskapet eller i det kommunale driftstilskotet fram til  barnehagane blir overførte til kommunen.

Det er fleire kommunale barnehagar i Bergen som har trong for omfattande rehabilitering. Nokre rehabiliteringsprosjekt er så omfattande at det ikkje er mogeleg å drive barnehage samstundes. Då vil det vere behov for avlastningslokale.

- Avtalen vil mellom anna gi kommunen tilgang til enkeltbarnehagar med ledig kapasitet som vil vere med på å løyse utfordringane knytta til avlastningslokale, seier finansbyråd Erlend Horn.

Aksjekjøpet blir finansiert av midlane kommunen har sett av til strategisk kjøp av barnehagar og bruk av ubundne kapitalfond.

Byrådet har gitt tilråding i saka. Ho går vidare til handsaming i utval og bystyre.

Les dokumenta i saka