Illustrasjon av nybygg på Åstveit skole
NYBYGG: Åstveit skole skal dels rehabiliterast og får òg eit nybygg som skal koplast på dei to eksisterande fløyene til skulen.
Bilde: HLM Arkitektur

Klare til å utvide og rehabilitere Åstveit skole

Åstveit skole treng meir plass. Det er òg naudsynt å rehabilitere delar av bygningsmassen. No er prosjektet til 265 millionar kroner klart til å gjennomførast.

Åstveit skole er ein ungdomsskole. Han ligg sentralt til på Tertnes i Åsane. Skulen treng meir plass for å huse veksten i elevtalet. Dessutan er det trong for å rehabilitere den eksisterande kontordelen.

Bilde av Åstveit skole med kontorbygg i brakkene til høyre
SKOLEN I DAG: Slik ser Åstveit skole ut i dag. Administrasjonen held til i modulbygget til høgre i biletet. Eit nybygg skal gi for dei og andre funksjonar.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Ein av dei tidlege ungdomsskulane

Skulen har rom til å huse 400 elevar. Åstveit har dessutan ei forsterka avdeling for elevar med særlege opplæringsbehov. Denne avdelinga har 20 elevar. Åstveit har òg ei innføringsklasse med ti elevar. Skulen stod ferdig i 1965 og ser ut som den gjorde då. Anlegget har høg arkitektonisk og skulehistorisk verdi. Åstveit skole var ein av dei første ungdomsskulane i landet.

Fasadane vart rehabiliterte i 2009/2010. Då vart det òg gjennomført innvendig rehabilitering av undervisningsdelen.

Prosjektet som no skal godkjennast for gjennomføring omfattar rehabilitering og ombygging av administrasjonsdelen. Denne delen skal gjerast om til areal for kunst- og handverksfaga. Det skal også byggast eit mellombygg mellom administrasjonsfløya og klasseromsfløya.

Nybygg i tre og tegl

Skulen skal få eit nybygg som skal romme administrasjonen, det skal kome ei allmenning med amfi, det blir rom for musikk, dans og drama, bibliotek, arbeidsplassar for lærarane, skulehelsetenesta og oppgraderte toalett.

Materiala som skal nyttast til vere trekledning og tegl som det er i dei eksisterande bygga. I dag er ikkje skulen universelt tilgjengeleg. Ein heis i nybygget vil gjere heile skulen tilgjengeleg for dei med nedsett funksjonsevne.

Det er venta at arbeida kan stå ferdig i 2027. Prosjektet har ei tilrådd total investeringsramme på 265 millionar kroner.

Byrådet meiner Åstveit skole lenge har hatt behov for ei oppgradering og meir areal. Byrådet meiner prosjektet løyser oppgåva på ein god måte og tilrår at prosjektet blir gjennomført. Prosjektet er nærare skildra i fagnotatet frå Etat for utbygging.

Byrådet kjem med tilråding 21. desember. Saka går vidare til utval og bystyre.

Les dokumenta
Sakene til byrådet 21. desember er klare