Ortun skole
MEIR OMFATTANDE: Funn av asbest, som har vore lukka inne i konstruksjonane sidan Ortun skole ble bygd i 1969, gjer arbeida meir omfattande og dyrare.
Bilde: Andrew Buller

Meir omfattande arbeid på Ortun skole

Arbeida med å oppgradere dei tekniske anlegga på Ortun skole blir meir omfattande enn først rekna med. Byrådet meiner det er naudsynt å auke kostnadsramma med 89 millionar kroner.

For tida vert det arbeidd med å installere nytt balansert ventilasjonsanlegg, nye dører og oppgradere andre tekniske anlegg på Ortun skole.

Fann asbeststøv i himlingane

Før arbeida tok til, blei det utarbeidd ein rapport som skulle kartlegge kor det var asbesthaldig materiale i bygget. Prøver tatt etter at det vart inngått kontrakt med entreprenøren viste asbestureining over store delar av himlingane på skulen. Mest sannsynleg er denne ureininga frå tida skulen blei bygd.

Truleg har arbeidarane under bygginga stått i lokala og kappa plater som inneheldt asbest. Støv frå arbeidet har blitt liggjande att over himlinga og inne i veggane. Asbesten har vore lukka inne i konstruksjonane under byggetida. Tilsette og elevar har difor ikkje vore eksponerte for dette.

Byrådet meiner det er krevjande at eit prosjekt endrar karakter i så stort mon som dette. Byrådet meiner det er naudsynt at det blir gjort meir omfattande kartlegging av asbest ved liknande prosjekt i framtida.

Prosjektet må endrast

Prosjektet må no endrast frå ei teknisk oppgradering til tilnærma full rehabilitering. Ein stor del av veggane og himlingane må rivast og først opp på nytt som følgje av asbestsaneringa. Romløysingane kjem ikkje til å endrast, men det vil bli ei endring i fasaden på skulen.

Nærare detaljar om arbeida som no må gjerast finn du i fagnotatet frå Etat for bygg og eigedom som følgjer byrådssaka.

Må skyve på tilbakeflytting

Opphavleg hadde arbeida på Ortun skole ei kostnadsramme på 108,8 millionar kroner. Denne må no aukast til 198 millionar kroner. Byrådet rår til at oppjusteringa vert vedteke i tråd med premissane i saka. Endringa skal innarbeidast i justert budsjett for 2024.

Det opphavlege prosjektet skulle stå ferdig til skulestart 2024. No blir ferdigstillinga og tilbakeflyttinga av elevane forskyvd til august 2025. Skulen har i dag tilhald i erstatningskule i Lynghaugparken. Dette skal ikkje få noko å seie for andre skular som ventar på eit tilbod om erstatningsskule.

Saka skal behandlast vidare av utval og bystyre.

Les dokumenta

Her er sakene fra byrådet 29. februar

Saken ble behandlet i bystyret 10. april. Se vedtaket her