Rå skole
IDRETTSHALL: Rå skole skal få ny idrettshall som skal erstatte gymsalen fra 1962. (Foto: Trude Haugen)
Bilde: Trude Haugen

Ny idrettshall på Rå skole

Byrådet rår til at prosjektet med å oppføre ein ny idrettshall på Rå skole blir gjennomført. Prosjektet har ei total investeringsramme på 129,8 millionar kroner.

Bakgrunnen for prosjektet er at gymsalen frå 1962 og lokala til skulehelsetenesta ved Rå skule er utrangerte. Skulen har òg behov for to ekstra klasserom. Prosjektet skal gi skulen ein ny idrettshall, lokale for skulehelsetenesta og to klasserom med grupperom og garderobe. Bassenget på skulen er vedtatt fjerna. Bassengrommet skal sanerast og gjerast om til ein sosial arena for elevane.

Prosjektet skal gi ein ny idrettshall som er stor nok til å ha ei basketballbane. Hallen skal vere eigna for fleksibel bruk for skulen, idrettslag og kultur. Føresett at det blir gitt løyve, skal den gamle gymsalen og vaktmeisterbustaden rivast som ein del av prosjektet. Nybygget skal ha passivhus-standard. Oppvarminga skal primært kome frå fjernvarme. I tillegg er det planlagt å ha solceller på taket. Anleggsplassen skal i størst mogeleg mon vere fri for utslepp.

Prosjektet skal gjennomførast med skule i drift og i feriane. Etter planen skal arbeida ta til hausten 2023. Idrettshallen skal stå ferdig sommaren 2025. Prosjektet er planlagt gjennomført med skole i drift, og i skoleferier.

Byrådet rår til at prosjektet blir gjennomført med ei total investeringsramme på 129,8 millionar kroner.

Byrådet kjem med tilråding i møte 27. april. Saka går vidare til utval og bystyre.

Les dokumenta

Klikk her for å lese alle byrådssakene