Gå tilbake til:
Du er her:
Akasia Bjerknesparken barnehage
NYE NAMN: Denne barnehagen vil frå nyttår heite Bjerknesparken barnehage. Utanom at Akasia-namnet er borte blir det ei lita endring. Andre barnehagar får heilt nye namn.
Bilde: Ola Henning Målsnes

Nye namn på Akasia-barnehagane

Frå nyttår overtar Bergen kommune 18 barnehagar som tidlegare har vore eid av Akasia. Barnehagane vil i samband med at dei blir kommunale få nye namn.

Alle barnehagane det gjeld har tidlegare hatt ordet “Akasia” i namnet. Det er naturleg at dette fell bort når kommunen tar over barnehagane. 

Namn i tråd med stadnamnlova

Fleire av barnehagane har også lang historie som kyrkjelydsbarnehagar. Det er også naturleg at ord om dette blir erstatta når alle barnehagane blir kommunale frå nyttår. For nokre barnehagar har det vore viktig å finne namn som ikkje fører til forvirring og forveksling.

Når Akasia-barnehagane blir kommunale, skal dei også ha namn som er i tråd med føringane i stadnamnlova. Byrådet følgjer tilrådinga frå Plan- og bygningsetaten i namnevala. For åtte av barnehagane har namna blitt førelagt Språkrådet.

Dei nye namna på barnehagane

  • Akasia Domkirken barnehage får namnet Fjellsiden barnehage
  • Akasia Fana barnehage får namnet Fana barnehage
  • Akasia Landås menighets barnehage får namnet Fløenbakken barnehage
  • Akasia Nygård menighets barnehage får namnet Nygård barnehage
  • Akasia Neshaugene barnehage får namnet Neshaugane barnehage
  • Akasia Nykirken barnehage får namnet Nykirken barnehage
  • Akasia Råtun barnehage får namnet Råtun barnehage
  • Akasia Skjold menighets barnehage får namnet Skjoldlia barnehage
  • Akasia Sædalen barnehage får namnet Sædalen barnehage
  • Akasia Sandviken menighets barnehage får namnet Sandviken barnehage
  • Akasia Arna kyrkjelyd sin barnehage får namnet Ådnanipa barnehage.
  • Akasia Bjerknesparken barnehage får namnet Bjerknesparken barnehage.
  • Akasia Laksevåg kirkes barnehage får namnet Kirkebukten barnehage.
  • Akasia Litlafjell barnehage får namnet Litlafjellet barnehage.
  • Akasia Paradis barnehage får namnet Paradis barnehage.
  • Akasia Ramstad barnehage får namnet Ramstad barnehage.
  • Akasia Skranesvingen barnehage får namnet Skranevegen barnehage.
  • Akasia Søreide menighets barnehage får namnet Nordeide barnehage.

Byrådet har handsama namna i to separate saker. For åtte av barnehagane er også namnespørsmålet lagt fram for Språkrådet.

Les dokumenta i saka om ti av namna
Les dokumenta i saka om åtte av namna

Saken blei handsama av byrådet 16. desember