Laksevåg barnehage måla i raud farge
STARTAR SNART: Arbeida med å rehabilitere Laksevåg barnehage tek til februar 2023. I mellomtida skal barna som er i dette hovudbygget flytte til erstatningsbarnehage i Damsgårdssundet.
Bilde: Etat for utbygging

Raud barnehage blir grøn

Arbeidet med å totalrehabilitere Laksevåg barnehage nærmar seg gjennomføring. Prosjektet har ei ramme på 70,4 millionar kroner. Fargen blir endra.

Mykje historie ligg i veggane til Laksevåg barnehage på Melkeplassen. I okkupasjonsåra var Laksevåg ein viktig plass for den tyske stridsmakta. Og det som no er hovudbygget for barnehagen blei oppført som ei kaserne for tyske soldatar i 1940. Kaserna blei barnehage i 1949. Denne delen av barnehagen skal no totalrehabiliterast. Byrådet legg no fram sak for bystyret om gjennomføringa av prosjektet.

På grunn av historia har hovudbygget formell vernestatus. I gjeldande kommuneplan ligg barnehagen i ei sone der det skal takast omsyn til kulturmiljøet.

Trong for oppgradering

Tilstandsrapportar viser at hovudbygget til Laksevåg barnehage har stor trong for å oppgraderast. Planløysinga er ikkje heilt god med tronge korridorar og få rom. Bygget er heller ikkje tilpassa for brukarar med nedsett funksjonsevne. 

Det er òg naudsynt å skifte tak og ytterveggar. Dei innvendige overflatane er slitte og må skiftast. Dei tekniske installasjonane har gått ut på dato og må bytast ut. 

Byter farge

Laksevåg barnehage blir måla grøn etter rehabiliteringa.
GRØN: Barnehagen er i ei gammal tysk kaserne. Etter totalrehabiliteringa får bygget tilbake den opphavlege grøne fargen.
Bilde: Tyark

Prosjektet er utvikla i samråd med Byantikvaren. Etter innspel frå dei vil fasaden når alt er ferdig malast i ei grønfarge. Det var den opphavlege fargen på den tidlegare kaserna. I dag er hovudbygget måla raudt.

Etter planen skal arbeida starte i februar 2023 og det er eit mål at hovudbygget kan takast i bruk att januar 2025. I anleggstida skal dei yngste barna, som held til i avdelinga Solhaug, framleis vere på Solhaug. Barna i hovudbygget skal ha mellombels tilhald i ein heilt ny erstatningsbarnehage, Damsgårdsundet barnehage.

Målet er at bygget og utearealet etter totalrehabiliteringa skal ha rom til 53 barn, fordelt på fire avdelingar.

Byrådet rår til at prosjektet blir gjennomført med ei total investeringsramme på 70,4 millionar kroner. Byrådet meiner at ombygginga av barnehagen vil gjere at Laksevåg bydel held på den noverande barnehagekapasiteten. Totalrehabiliteringa vil òg vere eit sterk bidrag til områdeutviklinga på Melkeplassen.

Byrådet vedtar tilråding 17. november. Saka går vidare til utval og bystyre.

Les dokumenta