Slettebakken skole manglar i dag helseverngodkjenning. Årsaka til det er utfordringar med inneklimaet. Målingar viser verdiar av CO2 over den maksimale grensa. For å betre dette vil byrådet installer desentralisert ventilasjon i austbygget og sentralisert ventilasjon i helse- og vestbygget. Arbeida skal gjerast innan skulestart 2024.
Gjennomføringa av prosjektet skal no til politisk behandling. Byrådet rår til at prosjektet som har ei investeringsramme på 25 millionar kroner vert gjennomført.
Både tilsynsmynda og byrådet ønskjer fortgang i arbeidet med å utbetre inneklimaet i dei skulane som ikkje er godkjende. Eit større rehabiliteringsprosjekt for skulen er under planlegging. Men det nye ventilasjonsanlegget for vestbygget kan også brukast om att i samband med dei arbeida. Romaggregata i dei andre bygga kan òg takast ned og flyttast til andre bygg.
Byrådet meiner ventilasjonsprosjektet til Etat for bygg og eigedom er naudsynt og føremålstenleg. Skulen skal kunne haldast i vanleg drift fram til hovudprosjektet startar opp. Då vil elevane flytte ut i ein erstatningsskule.
Saka går vidare til utval for finans, kultur og næring.
Les dokumenta i saka
SE OGSÅ: Les sakene fra byrådet 25. januar