Gå tilbake til:
Du er her:

Vil kjøpe barnehagelokale i Damsgårdssundet

Byrådet går inn for å kjøpe barnehagelokala som Trygge Barnehager AS har i Damsgårdssundet. Kjøpet til ein verdi av 40,4 millionar kroner må godkjennast av utvalet for finans, kultur og næring.

Barnehagelokala det er snakk om høyrer til ein seksjon i "1912 Sameie". Sameiget er sett saman av 111 bustadseksjonar og 6 næringsseksjonar.

I utgangspunktet var det i sameiget planlagt ein barnehage med fire avdelingar i lokala som også har eit tilhøyrande uteareal. Lokala er ikkje innreidde til føremålet. Som kjøpar pliktar kommunen å ferdigstille seksjonen.

Kjøpet inneber også at fortrinnsretten til barnehageplass førast vidare i tråd med vedtektene for sameiget. Dei som bur i sameiget skal kunne nytte utearealet til barnehagen etter opningstida.

For kommunen skal kjøpet først dekke behovet kommunen har for erstatningsbarnehage når Søre Skogvei barnehage skal rehabiliterast. Barnehagen i Damsgårdssundet vil ha 80 plassar.

Byrådet rår til at kjøpet vert gjennomført og finansiert gjennom budsjettposten som er avsett til strategiske eigedomskjøp.

Saka skal handsamast vidare av utval for finans, kultur og næring.

Les dokumenta i saka